Endring i forskrift av 01.01.17 om spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

SMIL-ordninga vart innført i 2004 som ein del av ein større forvaltningsreform der forvaltningsansvaret vart delegert frå Fylkesmannen til kommunane. SMIL-ordninga erstatta den tidlegare STILK-ordninga, spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap. SMIL er eit investeringstilskot som kan nyttast t.d. i samband restaurering av freda- og verneverdige bygningar, tiltak i kulturlandskapet og til tiltak for å redusere forureining frå jordbruket - utover det ein kan forventa av vanleg jordbruksdrift. Gjeldande kommunale tiltaksstrategiar i Sel og Vågå vart vedteke i 2014 og gjeld til og med 2017.

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

For 2017 har Vågå fått ei ramme på kr 490.000 og Sel kr 330.000. Dette er ein nedgang frå året før. I tillegg til ramma kan tidlegare inntrekte midler i kommuen nyttast.

Frå og med søknadsomgangen 2015 vart SMIL-ordninga avgrensa til søkjarar som var berettiga produksjonstilskot. Følgje av dette var at eigar av landbrukseigedom, som har leigd bort alt areal, ikkje lengre kunne søkje om SMIL-midler. Eigar har ofte større interesse enn leigar av å gjennomføre investeringstiltak som m.a. utbetring av hydrotekniske anlegg og istandsetting av verneverdige bygningar. I jordbruksoppgjøret 2016 vart det difor bestemt at eigar av landbrukseigedom kan søke SMIL-tilskot så lenge det foregår ein tilskuddsberettiga produksjon på eigedommen.

Med virkning frå 01.01.2017 er derfor forskrifta endra slik at også eigarar som ikkje sjøl driv areal likevel kan søkje SMIL-tilskot dersom det blir drivi ein tilskottsberettiga produksjon på landbrukseigedomen. Det stilles som vilkår at foretaket er registrert i Enhetsregisteret i Brønnøysund og at vilkåra for å søkje produksjonstilskot på areala er oppfylt.

I Landbruksplan for Sel og Vågå for 2013 – 2017 er det i handlingsplan gjeve føring på bruk av SMIL-midler: ‟Målrette SMIL-ordninga slik at tilskotta i hovudsak kjem aktive landbruksprodusentar til gode‟. Dette er i samsvar med det som ligg i gjeldande strategiplan for SMIL: ‟Under ellers like vilkår ønskjer ein å prioritere aktive brukarar som søkjer produksjonstilskot ved tildeling av SMIL-midler.‟

Strategiplan for SMIL skal etter plan rullerast i 2017. Det er no kome melding frå Fylkesmannen om at dette blir utsett til 2018 på grunn av samordning med Regionalt miljøprogram (RMP) som også skal rullerast i 2018.

Bruk av SMIL-midler
Oppstilling nedanfor viser utvikling i tildeling av SMIL-midler i Oppland og Nord-Gudbrandsdal (6k) fram til 2016. Diagrammet viser at det har vore ei halvering av ramma i Oppland frå 2008 og fram til i dag. Dette avspeglar seg også i disponible midler for den enkelte kommune.

Når det gjeld fordeling av SMIL-midler mellom kommunane i Nord-Gudbrandsdal viser statistikk at frå 2004 -2016 har Sel og Vågå fått tilsaman ein andel på ca. 45% av den disponible ramma. 75% har gått til verneverdige bygninger, ca. 20% på ulike kulturlandskapstiltak og resten på andre tiltak. Dei 2 siste åra har andelen til ulike kulturlandskapstiltak som beiterydding og gjerde auka - og ein tilsvarande nedgang til verneverdige bygningar. Fordeling ligg i dag på ca. 40% kulturlandskapstiltak, 50 % verneverdige bygninger og 10% på andre tiltak.

Som følje av reduksjon i ramma og meir fokus på beitebruk har vi dei 2 siste åra prioritert støtte til kulturlandskapstiltak på bekostning av støtte til m.a. verneverdige bygningar.