Fjellandbruk er framtid

Matproduksjon på fornybare lokale ressursar i Sel og Vågå

Etter politisk initiativ frå Sel og Vågå kommunar, vart det sist vinter søkt om midlar frå «Fjellandbrukssatsinga 2014-2016» for å gjennomføre målsettinga i landbruksplanen, dvs. ei auke i matproduksjonen med 1 % i året. Dette er det same som den nasjonale målsettinga. Prosjektet skal i utgangspunket gå i to år, men i.o.m. at fjellandbrukssatsinga går ut i 2016 må ein søkje midlar frå ein annan pott i 2017. Sluttrapport skal vere sendt innan 15. februar 2017.

Om prosjektet:

Landbrukskontoret for Sel og Vågå fikk kr 360.000,- i støtte. Budsjettet er på kr 480.000,-.

Målsetting:

Ut frå det som er vedteke i gjeldande landbruksplan ønskjer ein å fokusere på følgjande hovudpunkt:

  • Auke i matproduksjonen i Sel og Vågå
  • Oppretthalde eller auke sysselsettinga i landbruksnæringa
  • Oppretthalde eller auke dyrkaarealet
  • Auke bruk av inn- og utmarksressursar til husdyrbeiting
  • Synleggjere og stimulere til nye næringar/ produkt/marknader.
  • Etablere gode nettverk
  • Nye næringar – nye produkt

Prosjektet består av fire hovudbolkar:

  1. Spørjeundersøking/kartlegging av gardsbruk
  2. Opne møte/landbrukskafe`
  3. Bygdemøte
  4. Fagturar

Det er oppnemnt ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe. Styringsgruppa har representasjon frå faglaga og frå politisk nivå i Sel og Vågå. Arbeidsgruppa har representasjon frå rettleiingstenesta og faglaga.

Styringsgruppe Arbeidsgruppe
Hans Ulmo (leiar) Geir Olav Hagen
Ola Kvarberg Åse Marit F. Anderssen
Hans Petter Vaberg Jan Erik Mæhlum (leiar)
Terje Johnny Sveen Hans Ulmo (Bondelaget)
Live Langøygard Kjersti Gutsveen (Småbrukarlaget)
Thomas Stebergløkken  

Sekretariat for satsinga er landbrukskontoret for Sel og Vågå.

Spørjeundersøking

Spørjeundersøking/kartlegging er gjennomført 2016. Undersøkinga vart sendt til alle som søkjer produksjonstilskott, men vi ønskte også svar frå andre som ønskjer å satse og/eller eig landbrukseigedom med ressursar i form av areal og bygningsmasse. 

I forkant av bygdemøta sendte vi ut ei spørjeundersøking til gardbrukarar i Sel og Vågå. Vi fikk inn 44 svar, ein svarprosent på 12 %. Det er vanskeleg å få inn svar på spørjeundersøkingar. Eit anna spørsmål er om dei som har svara er representative. Storparten av dei som svara, har planar om å utvide drifta si, både med omsyn til nydyrking, jordleige, nye investeringar og kjøp/leige av mjølkekvote.

Dei fleste som svara, ynskjer seg fagleg rådgjeving:

Økonomisk rådgjeving: 18 stk
Bygningsteknikk: 15 stk
Beitebruk: 15 stk
Sau: 15 stk
Ammeku: 14 stk

 

Bygdemøte

«Fjellandbruk er framtid» inviterte til fire bygdemøter i oktober 2016. Totalt deltok 120 personar på desse arrangementa. Det var triveleg og engasjert stemning på møta, og det kom mange nyttige innspel til vidare arbeid.

Målsettinga med møta varå få fokus på bygda, der produksjonen og muligheitene ligg!

Både fagmøte og fagturar vart gjennomført i løpet av hausten/vinteren, bl.a. studietur til Vingelen og Tynset med tema utmarksbeiting i juli 2017.

Odd Magne Harstad holdt et foredrag om klimasmart matproduksjon på klimamøtet på Lalm samfunnshus i februar 2017. Harstad er professor ved fakultet for biovitenskap ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Last ned hele presentasjonen her (PDF, 2 MB)

.

 

Kontakt

Per Ivar Weydahl
Landbrukssjef - Vågå og Sel
Telefon 61 29 36 71
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel.