Skulehistorikk

Sverre Nybø, pensjonert lærar, har skrive litt om historikken kring Heidalsskulen.

 

NOKRE GLIMT FRÅ SKULESOGA I HEIDAL FRAM TIL KOMMUNESAMANSLÅINGA I 1965 (SENTRALSKULEN)

(med ein del politikk innblanda)

Denne framstillinga vil først og fremst sjå på utviklinga av heidalsskulen i samspel med det som elles skjedde i bygda. Difor vil omtale av lærarar i stor grad vera knytt til hendingane. Mange vikarar og andre som berre verka i skulen i stuttare perioder vil ikkje vera utførleg nemnde.

Det som i første rekke greip inn i skuleutvklinga etter 1900 var:

  • Heidal vart eigen kommune i 1909. Ny skule.
  • Politisk aktivitet og strid. Murudalsvegen gav grunnlag for sentralskulen i 1940
  • Ny lov for landsfolkeskulen i 1936. Normalplanen og bygging av ny skule. Ferdig i 1940
  • Skulen under krigen
  • Innstillinga til Scheikomiteen i 1959.
  • Kva som gjorde at Heidal fekk eigen ungdomsskule.

Århundreskiftet 1900 vart ei markant tidskifte også i Heidal. Bygda vart aldri den same meir.

Frå 1. januar 1908 vart Heidal skild ut frå Vågå som eige kommune, men vi begynner litt før. Skulesoga er i mange år sterkt knytt til personar. Læraren var skulen. Epoken frå 1867 var dominert av den markante personlegdommen Jørgen Nilsen. Han var forutan lærar også kyrkjesongar og gardbrukar. Han kjøpte blant anna Steinfinsbø. Han budde også i Nordre Lykkjun. Steinfinsbø kjøpte han i 1873. Til Lykkja fløtte han i 1917. Dei siste åra budde han på Nordre Prestgard. Det lever framleis mange anekdoter og historier som er knytte til han. Skal berre fortelja her at an var lidenskapeleg interessert og oppteke av hagestell. I Lykkjun planta han blant anna epletre. Sjå også om anekdoter heilt til slutt.

Han som skulle ta over, var vestlendingen Ivar Dahle. Han kom som nyutdanna lærar frå Gulen i Sogn. Det var i 1903 medan Heidal enno var ein del av Vågå. I 30 – 40 år framover vart han ikkje berre læraren i Heidal. Han vart også den politikaren som i stor grad kom til å prege utviklinga av bygda.

Ivar Dahle var ein av dei markante vestlandslærarane som på denne tida fann vegen til Østlandet. Til Vågå kom Ragnvald Skrede, Karl Lysne og Knut Ljøsne.

På grunn av den store rolla desse lærarane spela i lokalmiljøet, kultuelt og politisk, er det verdt å leggje merke til den tilknytting dei hadde til dei kulturelle, moralske og politiske strømningane i tida. Medan Vestlandet generelt må seiast å vera sterkt influert av pietistiske strømningar, var ikkje dette representativt for dei lærarane som kom over fjellet. Dei var gjerne radikale, og ofte venstrefolk og engasjerte i målsaka og fråhaldsarbeid. Slik også med Dahle, kanskje med den forskjell at han var enda meir radikal enn dei fleste.

Da Dahle kom til Heidal, var skulestugu han tok i bruk, den same som Jørgen Nilsen hadde regjert i etter han kom til bygda i 1867, den toroms einetasjes tømrastugu som stod omtrent, eller litt sør for der vi nå går inn til hallen.

Det er ikkje godt å si kor lenge Nilsen budde på sjølve skulen som den gong låg på nordsida av Trykju, omtrent der dei store steinane nå ligg innafor hallen. Kanskje budde også Per og Kari Rusten (Skulstugun som dei også heitte) der ei tid. Det budde i alle fall folk på skulen, og det var ein etter måten stor kålhågå, grønnsakshage, på utsida av skulen. Det vktigaste var potetåkeren, men dei dyrka nepe, dei hadde rabarbra, graslauk og sikkert gulrot. Dette er ingrediensar dei alle måtte ha til nepsupe. Det var ”eit must” om sommaren. Bærbusker, rips og bringebær var det også.

Alt før kommunedelinga vart det vedteke å byggje eit nytt skulehus på andre sida av Trykju, på Kruke grunn. Nyskulen frå 1906 fekk ein etter tida moderne arkitekttur med sveip av sveitsarstil. Første etasje var tømra, og det vart sett på ein etaje til i bindingsverk. Huset hadde ein stor utvendig veranda med utgang frå begge etasjane.


Her ser vi skulen som vart reist i sveitserstil i 1903. Som vi ser eit staseleg bygg.

Trappa mellom første og andre etasje var innvendig og utforma som ei romsleg og fin svingtrapp. Verandaen var utsmykka med profilert sprinkelverk og vindskiene dekorert med gjennomgåande utskjeringar. ( På liknande vis som Heidal Hotell hadde fått nokre år før)

Glasrutene i første etasje var måla nederst for at elevane ikkje skulle bli distraherte av det som kunne foregå ute. Huset hadde ei ekstra sval på nordsida og ei ut frå kjøkkenet bak. Semon Prestgard har fortalt at elevane hadde ei drikkeanordning med vasstank på veggen, og ei kran med drikkesprut litt under. Ein gong var det inspeksjon av helserådet. Det var dokter Reidar Møller som kom. Han var også ein respektert og avhalden mann i bygda. Han skulle ved dette høvet som vanleg, ha det svært travelt. Han strauk med fingrane bortover veggen for å sjå om det var støv. Og med det var inspeksjonen over.

Ivar Dahle vart som det da var vanleg for mannlege lærarar, lærar i storskulen. Småskulen hadde lærarinne. Ivar Dahle vart samtidig klokkar og organist. Han dreiv klokkargarden som vart oppretta samtidig som nyskulen vart reist.. Klokkargarden bestod av to åkrar som vart innkjøpte frå Kruke.

 
Kornavling nederst på dei to åkrane kommuna kjøpte av Kruke. Klokkargarden var på den tida ein fin og veldreven gard.

 

Dahle dyrka opp myra utanfor. Han hadde ikkje hest til å begynne med, men han hadde sjølv hestekrefter. På myra var det blant anna vierkratt. Det er fortalt at han spende i og drog opp vierrøtene som det skulle vore kveke,

 

Første avling etter at han dyrka opp myra. Etter ein del år vart myra forsumpa og ubrukeleg. Til høgre på bildet kan vi sjå uthuset der Dahle hadde ein sju, åtte kyr.

Det var ein klausul i kjøpekontrakta til Klokkargarden om at klokkaren skulle ha hamnerett i heimehamna åt Kruke. Dette skulle seinare bli opphav til ei rettsak. Tar det med her fordi ein del av dommen var at kommunen skulle få tomt til nåverande skule, det vil si området sørover til Krukveita.

Dahle fekk ordna med å få bygt uthus, driftsbygbygning, på garden. Det var restar etter dette huset fram til syttitalet. (Nord for nåverande parkeringsplass. Denne driftsbygningane var ein av dei første i Heidal som hadde utforming slik det vart vanleg på trettitalet der fjøs, møkkjellar, låve med kjøring og forgolv var samla i eitt.

Dahlefolka hadde hushjelp og gardskar. I mange år var Pål Frikstad gardskar og Anna Holshagen hushjelp. Dei gifte seg seinare og vart ein del år buande i Eldhuset innved bekken. Berit og seinare Reidar vart fødde der.

 

Pål Frikstad og Anna Holshagen. Da tenare, seinare gifte.

 

Dahle dreiv garden godt. På sine eldre dagar vart han dårleg til beins, men i yngre år var han stor og sterk og det gjekk gjetord om kor mykje han la i forbørene når avlinga skulle i hus.

Ivar Dahle hadde som nemnt ikkje budd lenge i bygda før han fekk ein sentral plass i kommunepolitikken. Det vil i den tida han verka i Heidal vera vanskeleg å skilje læraren frå politikaren. Han fekk som vi seinare skal kome inn på, gjennomført fleire store tiltak som kvar på sitt vis bidrog til at heile bygda og bygdemiljøet vart forandra.

Som lærar vart han fort respektert som ein dyktig pedagog, men den gongen var det lite prutingsmon på det som vart bestemt og vedteke, det vil si det som læraren fann å bestemme. Det var mang ein, etter som eg har høyrt, som måtte sitje att etter at skulen var slutt, enten som straff eller for å gjera lekser som ikkje var utført.

Tida dette handlar om var politisk svært turbulent, både lokalt i Heidal, men også i rikspolitikken. Det var skiftande politiske konstellasjonar pg grupperingar. Intriger og maktspell høyrde nok i enda større grad enn nå til dagens orden. Dei politiske motstandarane til Dahle hevda han også trekte politikken inn i skulestova, og at det stundom ikkje var så heilt greitt å vera born til ein av motstandarane hans. Med omsyn til politiske strid og intriger vart ulike metodar teke i bruk. Til dei meir aksepterte metodane var å reise tvil om motstandaren sin politiske autoritet.

Ved eit høve vart det sent bod på Martin Tranmæl. Han skulle da han besøkte bygda, ha karakterisert heidølane som utruleg trongsynte. Dei såg ikkje lenger enn til sin eigen navle. Til det skulle Dahle ha replisert at dei trongde ikkje snørrete bygutar til å belære dei. Altså Martin Tranmæl.

Ved sida av Martin Tranmæl besøkte Johan Castberg og Einar Gerhardsen bygda med politiske foredrag. Underteikna har opplevd å ri ranke med Gerhardsen. Det hadde seg slik at foreldra mine hadde telefonsentralen den gongen det var Bøndernes Hus. Ved sida var dei vaktmeistere. Slik var det at Einar Gerhardsen kom til å drikke kaffe med familien og eg fekk ri ranke. Det var det næraste eg nokon gong kom til å halde poliske tømmar i hendene.

Ei lita annekdote med utgangspunkt i rikspolitikk. Det handlar om Dahle. Han var såpass oppe i det politisk, og annerkjent for sin dugleik og sine talegaver at han hadde realistiske sjanser til å bli valt inn på Stortinget. Men i det høvet hadde han bruk for ny dress. Dessverre var det ikkje den gongen nokon skreddar i Heidal som var kvalifisert til ei såpass stor oppgåve som å sy dress til ein stortingsmann. Derfor reiste Dahle til Dovre og skreddaren der. Det var Lars Moen. Skjebnens ironi var at han som tenkte seg til Stortinget, han kom ikkje der. Det gjorde derimot skreddaren Lars Moen. Han vart ikkje berre stortingsmann, men også annerkjent kyrkjestatråd. Lars Moen var forøvrig autodiakt.

Det er nemnt at Dahle var den drivande krafta bak ei rekkje tiltak som kom til å forandre bygda. Eit av desse var Fylkingsvegen sørover Murudalen.

Behovet for veg til Murudalen vart aktualisert av planane for bureising på Dale’. Dette var i begynnelsen på trettitalet. Akkurat på denne tida var det at Den Norske Arbeidsfylking vart skipa. Tiltaket var delvis finansiert av privatfolk rundt i landet som hadde ledig kapital. Tanken var at ein skulle avhjelpe den verste arbeidsløysa med landsganglege tiltak. På Selsmyrene vart fylkingen sett inn i kanaliseringsarbeidet. Dahle greidde å få gjennomslag for å bruke fylkingen på Murudalsvegen. Slik begynte 90 byungdomar saman med arbeidsleiarar på vegarbeidet i 1933. I 1935 stod den nye vegen ferdig og gjorde med det ”koloniseringa” av Murudalen mogleg.

Da det vart skulepliktige ungar på Murudalen, stod sentralskulen ferdig. I alle åra som har gått sidan med unntak av ei periode under krigen har det gått skulerute til Murudalen, Denne skuleruta skulle ved sida av sjølve skuleskyssfunksjonen bli ein viktig bindeledd mellom nybyggjarane og bygda elles. Nå i 2011 ser det dessverre ut til at utviklinga har reversert.

Storverket til Dahle må likevel seiast å vere sentralskulen som stod ferdig like før krigsutbrotet i 1940.

 
Gymsalen frå 1940

 

I den verste sentraliseringsperioden i begynnelsen av sekstiåra hadde nok ikkje Heidal hatt sjanse til å få eigen ungdomsskule dersom ikkje bygda hadde vore såpass godt forspent med skulehus. Dette vart sagt direkte av leidaren i Scheikomiteen etter befaring.Det heldt hardt nok likevel.

At Heidal i si tid skulle få den mest moderne skulen i heile Oppland, ja kanskje på heile Østlandet, hadde seg slik.

I 1936 fekk landet ny skulelov med den seinare såkalla Normalplanen som rettesnor. Det sentrale i lova var at landsfolkeskulen skulle opp på same nivå som byskulen. Her var det snakk om radikale endringar at som dei fleste fattige bygder måtte blåse ein lang mars i: Sjudelt skule, gymsal ,dusjanlegg, snekkarsal, skulekjøkken og ljose trivelege skulesalar.

Dette var utopi, men ikkje for Ivar Dahle. Ein kan ikkje gå i detalj korleis han greidde oppgåva, men han fekk i alle fall utarbeidd to planar. Den eine planen var ein skule i vanleg landsens målestokk. Den andre ein plan som var fullt i samsvar med dei behov som Normalplanen stilte.

Dahle tok den beskjedne planen til fylkestinget og fekk løyvd ein slump pengar. Nok til å få sett arbeidet i gang. Heime att i Heidal sette han i gang med å byggje etter den andre planen. Bygget vart fort ført så langt at det var ingen veg tilbake. Snart stod den nye sentralskulen ferdig på nordsida av Krukveita.

 

I STUTTE TREKK LITT MEIR OM KVEN SOM VAR LÆRAR.

Medan Ivar Dahle var lærar i storskulen, var det mange lærarar eller lærarinner som var innom småskulen. Ein av desse var Matias Bakken. Han var ein av elevane til Dahle og hadde uvanleg gode evner. Stutt tid etter at han var konfirmert vart han lærar i småskulen. Matias Bakken vart seinare herradskasserar.

Før Matias Bakken var det eit par lærarinner, blant anna Helga Uldalen og kjellfrid Andersen. Helga Uldalen var frå Sel og ho hadde visstnok folkehøgskule. Etter Matias Bakken kom Sofie Willa frå Romsdalen. Så vidt ein har kunne bringe på reine var gamle Knut Willa onkelen hennar. Knut Willa var byggmeister da kyrkja skulle gjenreisast etter brannen.

Sofie Willla var ved heidalsskulen i to år. I 1932 kom Kari Langedal som vart her til 1945. Kari Langedal hadde bustad i andre høgda på gamleskulen. Dahlefamilien budde i fyrste.

Utanom dei nemnde var Anne Marie Lien lærar mange år i Heidal. Anne Marie kom frå Bergen og fekk etter kvart mye utstand med mange i bygda. Ho begynte i Skogbygdsskulen, men flytte ned til sentralskulen da den vart opna i 1939.

Kor lenge det var fastskule i Skogbygda, har det vore vanskeleg å få klarheit i, men lærar Bø var i alle fall der frå 1912. I Skogbygda var det tre klasser som gjekk haust og vår. Andre lærarar som var i Skogbygdsskulen var Johan Fedje. I 1925 flytte han til Nerdalsskulen. Han gifte seg med Tora Faukstad og verka som lærar fram til krigsutbrotet i 1940.

Nerdalen, Nedre Heidal Skule, har eksistert sidan fastskkuleoredninga kom i 1867. Det fyrste skulehuset stod ikkje så langt frå skulen som vart bygt seinare, nærmare bestemt i svingen der ein kjører opp til skulen frå riksvegen.

Lærar Angard frå Dovre var ved Nerdalsskulen fram til1908. Han var truleg den som tok over da Frik Skulemeister sutta i 1884.

Etter Angard kom Kristian Bransar frå Lom. Han vart gift med Gunetta Faukstad. Seianre kom lærar Johnsen og lærar Nygård. Han var bestefar til Håvard Smidt. Lærar Børlie frå Lesja verka også ein del år ved skulen.

Ved Nerdalsskulen var det også småskulelærarinne . Ei av desse var Hanna Killie frå Harstad

Slikk var det i stutte trekk fram til krigsutbrotet. Det som har hendt sidan da får bli eit eige kapittel.

 

SKULEN UNDER KRIGEN

Det skjedde ikkje noko spesielt i Heidal før i slutten av 1940. Da vart det folkevalde skulestyret erstatta av eit fagstyre under leiding av Kari Langedal. Ho hadde vore småskulelærar sidan på tredevetalet og vel ansett som ein god lærar. Men ho melde seg inn i Nasjonal Samling, NS, og som leidar av ”skulestyret” kunne ho som førar fatte dei avgjerdene ho ønskte.

I dette førarvervet starta ho å sende rapportar til nazistyresmaktene om korleis ho vurderte haldninga til dei ymse lærarane. På denne tida fekk blant anna lærarane beskjed om å melde seg inn i det nazisistiske lærarsambande. Ivar Dahle, Anne Marie Lien, Hanna Killi og Johan Fedje nekta tvert, Dahle med dei krasse orda at da kunne dei like godt skyte han på flekken.

Dahle vart arrestert i 1942, men slapp ut att på slutten av året.

Etter dette vart nazivenlege lærarar sett inn på alle klassetrinn. Ein av desse var ein med namnet Edvartsen. Han var heilt udugeleg som lærar. Dessutan fekk han ein gjeng ustyrlege lærarar. Avdøde Peder Hagen har fortalt mykje om dette.

 

PERIODA FRÅ ETTER KRIGEN FRAM TIL KOMMUNESAMANSLÅINGA

Etter krigen vart det i første omgang ingen utdanna lærar utanom Anne Marie Lien. Av vikarane kan eg nemne: Gerd Bråten, Staberg.

Så kom i tur og orden utdanna lærar: Jakob Gunnes, Thor Mohn, Sigurd Lid og Olav og Ellinor Nesse.

Thor Mohn kom til Heidal like mykje av ein annan grunn enn det å bli lærar. Det hadde seg slik at han var lærar på Kvam. Der leida han og dirigerte Kvam Musikkforening. 17. mai 1945 kom Kvam Musikkforening til Heidal for å spele i syttendemaitoget. Da nytta heidølane høvet til å prøve å overtale Mohn til å flytte til Heidal. Spesielt gjorde Karl Florin som var frå Kvam, men gift til Heidal, iherdige forsøk på å overtale han. – Og det lykkast. I 1946 kom Tor Mohn med kona Olaug til Heidal som lærarar. Slik fekk Heidal både ein lærar og ein føregangsmann tor å få til musikkforening i bygda.

Olav og Ellinor Nesse kom til Heidal i 1948 og dei kom båe til å gjera ein stor innsats i skulen. Olav var også ei tid skulestyreformann. Dette var i ei spesielt avgjerande tid for korleis det skulle gå for bygda på fleire måtar, kommunesamanslåing stod for døra. I 1959 gav Scheikomiteen si innstilling i spørsmålet. Det gjekk i kortheit ut på sammanslåing. Men spørsmålet om korleis det skulle gå med heidalsskulen var på ingen måte avgjort. Dette var i ei tid da sentralisering hadde stor gjennomslagskraft. At ei såpass lita kommune som Sel/Heidal skulle ha to ungdomsskular var på ingen måte sjølvsagt. Olav Nesse fortalde at fleire delegasjonar var på befaring. Det som fekk avgjerande betydning var at Heidal hadde ein velutbygd sentralskule, tungen på vektskåla. Slik vart det i 1965 kommunesamanslåing, men Heidal beheldt skulen sin.

 

Konklusjonen på denne framstillinga er at det som førde fram til at Heidal fekk sin eigen ungdomsskule i 1965 starta i 1937 med bygging av sentralskulen. Den var i si tid den mest moderne og tidsmessige skulen på heile Østlandet, fullt i samsvar med det rombehovet normalplanen kravde.

Det eksisterer ei lang rekke brev, korrespondanse, mellom Ivar Dahle, fylkesskulestyret og fylkesmann. Dahle var sjølv medlem av fylkesstyret. Denne korrespondansen kan ikkje refererast her. Brev gjekk fram og attende med påstand mot påstand og ordbruken kan neppe seiast å vera høvisk. Men resultat har fått svært mykje å bety for korleis det skulle gå med Heidal på mange måtar.

 

ANEKDOTER

Det er ein del tildragelser og hendingar som skjedde i skulen som enda lever på folkemunne.

Ei av dei beste er denne: Hans Vineshaugen vart teke fram og skulle finne eit namn på kartet. Det var visstnok eit namn frå Øst-Europa. Hans fekk peikstokken så klassa skulle sjå kvar han peikte. Det tok litt tid, - og det gjekk ikkje betre enn at lærarinna som var snøggsint fåtå. Ho treiv stokken og i forflippelsen kjørde ho han tvers gjennom kartet. Hans, gutungen, bemerka da: Eg visste ikkje at det var bak på kartet.

Jørgen Nilsen som var omtala i begynnelsen hadde også ”jobben” som kyrkjesongar. Den gongen song dei den døde ut frå heimen. Når dette var aktuelt, bar stemma til Nilsen langt ut over bygda. Lars Barbro som vaska på skulen skulle ha sagt til Nilsen. Du syng vel ut meg au du Nilsen, viss oss skul’ leva så lengje? Ja, jeg må i alle fall leve, sa Nilsen. Han var for øvrig frå Tønsbergkanten. Kva folk sa før i tida, i ulike situasjonar, gjekk på folkemunne i generasjonar sjølv om det ikkje var dei mest kløftige utsagn.