Verda treng oss - ei forestilling om livslyst, mot og samhold - Sel kommune

Viktig melding

Hjelp oss å bli bedre på kommunikasjon – si din mening!

Vi i Sel kommune ønsker å gjøre informasjon lettere å finne, enklere å forstå og mer tilgjengelig for alle innbyggere. For å få til dette trenger vi innspill fra deg som bruker kommunen i hverdagen.

Ved å bruke 5 minutter på denne undersøkelsen er du med på å påvirke hvordan Sel kommune kommuniserer og deler informasjon fremover. Undersøkelsen er helt anonym.

Svar på undersøkelsen her!

Verda treng oss - ei forestilling om livslyst, mot og samhold

Tvillingane Magne og Åge Grimstad inviterer til den sterke og rørande forestillinga «Verda treng oss» tysdag 16. juni klokka 19.00 i Sel kyrkje. 

Med ei unik blanding av humor, musikk og personlege historier deler dei opplevingane sine som kreftpasientar, og viser korleis ein kan finne styrke, livsglede og håp midt i dei største utfordringane livet kan gi.

Forestillinga byggjer vidare på suksessen frå to år sidan, då ho fekk stor merksemd i både lokalaviser, på NRK og i God morgon Norge på TV 2. Der vart det mellom anna sagt:

– Dei fortalde nakent og ærleg om korleis det er å leve med kreft.

Magne og Åge har sett seg eit hårete mål om å samle inn 1,2 millionar kroner til kreftforsking og hjelp til kreftpasientar. Med seg har dei den profesjonelle musikaren Peter Demirov på piano, medan dei sjølve spelar gitar og perkusjon.

Forestillinga er ei vidareføring av Noregsturneen dei har reist med dei siste åra, og som held fram heilt til innsamlingsmålet er nådd. Frå før har mellom anna Oslo, Drammen, Bergen, Larvik og Lillehammer fått besøk av forestillinga, og tvillingane nærmar seg no ein halv million kroner samla inn.

Kreftforeininga har gitt prosjektet varm støtte, og publikum får også høve til å kjøpe boka «Verda treng oss», skriven av Magne Grimstad.

No kjem forestillinga til Sel kyrkje.

Gratis inngang – alle er hjarteleg velkomne.