Sel kommunes kulturpris for 2023 blir tildelt Knut Olstad, Peer Gynt-hytta

Driftsutvalget tildelte i møte 15.04.24 kulturprisen til Knut Olstad, Peer Gynt-hytta. 

Starten for dagens Peer Gynt-hytte var påska 1925. Den gongen opna Havnfolket den vesle jaktbua med namn Uløyhytta for servering. Havnfolket hadde skaffa ei kasse med appelsinar og kaffi, og dei omsette for 75 kroner! Dette var mykje pengar, noko som inspirerte til å bruke fjellet for å etablere ein ny næringsveg. Dei starta opp med å bryte skifer og samle stein i nærleiken, slik at dei kunne setja opp ei lita kvadratisk steinbu på om lag 20 kvadratmeter. Stein vart samla på berr mark, stabla og drege fram med kjelke vinterstid. I 1932 stod fyrste byggjetrinn ferdig, og det var klart for servering ut gjennom vindauga mot Mysuseter.  Fort synte det seg at bua vart for trong og at det var behov for meir plass. Etter fleire utvidingar vart hytta ferdig i 1937, - slik som Peer Gynt-hytta i det store og heile framstår i dag.

Peer-Gynt hytta - Klikk for stort bilde

Knut Olstad starta å leige hytta i 1990 og kjøpte staden i 1993. Det stod dårleg til; hovudhytta var golv- og taklaus, det var ingen stad for lagring av ved, propan og varer, og det var ikkje moglegheit til å overnatte på nokolunde vis. Utedoen var òg ei stusseleg affære, så det var mykje som laut takast hand om. Saman med foreldra bygde Knut opp staden steg for steg. Fleire andre har òg bidrege med innsats, både med tanke på utforming så vel som mange tunge lyft av stein.

Sidan Knut Olstad overtok i Peer Gynt har han dei siste 30 åra lagt ned ein stor innsats og gjennomført eit omfattande kulturarbeid med tanke på å ivareta og halde levande ein viktig del av vår fjellhistorie.

Restaurerings -og vedlikehaldsarbeidet har vore mogleg gjennom ein enorm arbeidsinnsats og bruk av eigne middel. Dette arbeidet har vore gjennomført samtidig med drift av hytta. Peer Gynt-hytta er ei perle i Rondane nasjonalpark. For både turistar og bygdafolket er ho eit viktig turmål og ein attraksjon i kommunen. Og saman med dei andre flotte bygningane går hytta fint inn i landskapet.   

For sitt store engasjement og omfattande arbeid i Peer Gynt er Knut Olstad ein verdig mottakar av Sel kommunes kulturpris for 2023.