Influensavaksine:
Influensa kan gi alvorleg sjukdom, særleg hos eldre og personar med underliggjande sjukdom. Vaksinen reduserer risikoen for alvorleg sjukdom, innlegging i sjukehus og komplikasjonar som lungebetennelse. FHI anbefaler årleg influensavaksine til alle frå 65 år og til personar i definerte risikogrupper. (FHI – Influensavaksinasjon)
Koronavaksine:
Koronavirus sirkulerer framleis, og eldre og personar med risikosjukdom har størst risiko for alvorleg sjukdom. FHI anbefaler oppfriskingsdose før haust- og vintersesongen til personar frå 75 år, bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustad, samt personar mellom 18 og 74 år som høyrer til ei risikogruppe. Personar mellom 65 og 74 år kan også få vaksinen gjennom
vaksenvaksinasjonsprogrammet dersom dei ønskjer det. (FHI – Koronavaksine)
Pneumokokkvaksine:
Pneumokokkar kan forårsake mellom anna lungebetennelse, blodforgifting og hjernehinnebetennelse. FHI anbefaler pneumokokkvaksine til alle frå 65 år og til personar med bestemte risikotilstandar. I vaksenvaksinasjonsprogrammet blir Prevenar 20 tilbydd det året ein fyller 65 år (i 2026 gjeld dette personar fødde i 1961). Personar som tidlegare har fått Pneumovax, kan ha behov for revaksinasjon etter seks år. (FHI – Pneumokokkvaksinasjon)
Vi oppmodar alle som høyrer til ei risikogruppe om å vaksinere seg mot både influensa og covid-19. Dei som har behov for pneumokokkvaksine, kan som hovudregel få denne samtidig.
Dersom du ikkje høyrer til ei risikogruppe, men ønskjer influensavaksine, ber vi deg ta kontakt med fastlegen for resept.
Vaksinasjonsdagar: 27.10., 29.10., 03.11., 05.11., 19.11.
Drop in: 29.10. og 03.11. kl 14-18
Time kan bestillast digitalt via Helsenorge eller ved å kontakte legekontoret på telefon 61 70 09 00.
Ved digital bestilling ber vi om at du skriv kva vaksine(r) du ønskjer:
• I = influensavaksine
• K = koronavaksine
• P= pneumovaksine
Kven blir anbefalt vaksine?
Influensavaksine:
• Alle frå fylte 65 år
• Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustad
• Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester), og i 1. trimester med annen tilleggsrisiko skal også få tilbud om influensavaksine
• Prematurt fødte barn, særlig barn født før uke 32 i svangerskapet, fra 6 måneder (kronologisk alder) til 5 år
• Barn og vaksne med kroniske sjukdommar (mellom anna hjarte-, lunge-, lever- eller nyresjukdom, diabetes, alvorleg nevrologisk sjukdom eller immunsvikt)
• Personar med svært alvorleg fedme (KMI) på 35 kg/m² eller høgare
• Helsepersonell med nær pasientkontakt
• Husstandsmedlemmer til personar med sterkt svekt immunforsvar
(FHI – Influensavaksinasjon)
Koronavaksine:
• Personar frå 75 år
• Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustad
• Personar mellom 18 og 74 år som inngår i en risikogruppe
• Aldersgruppen 12–17 år med alvorlig grunnsykdom
• Aldersgruppen 6 måneder –11 år med alvorlig grunnsykdom etter individuell vurdering
• Personar mellom 65 og 74 år kan få vaksinen dersom dei ønskjer det gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet
(FHI – Koronavaksine)
Pneumokokkvaksine:
• Alle frå 65 år
• Personar med utvalde medisinske risikotilstandar
• Personar som har behov for revaksinasjon med Pneumovax etter gjeldande anbefalingar (FHI – Pneumokokkvaksinasjon)
Kommunelegen i Sel