Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR) startar utdelinga av nye avfallsdunkar hausten 2026. Alle husstandar i eigarkommunane vil få nye dunkar som skal takast i bruk når den nye renovasjonsordninga blir innført i 2027.
Dei nye dunkane skal gjere det enklare å kjeldesortere og bidra til at meir av avfallet kan materialgjenvinnast. Kva dunkar den enkelte husstanden får, vil variere ut frå renovasjonsløysinga og eventuelle samarbeidsordningar.
Kan dele dunkar med naboar
Husstandar som ønskjer det, kan dele dunkar med ein eller fleire naboar. Ei slik løysing kan redusere talet på dunkar og utnytte kapasiteten betre. Dei som allereie deler dunkar, vil få nye dunkar som er tilpassa den eksisterande ordninga.
NGR vil informere alle husstandar i god tid før utdelinga startar. Då får du informasjon om kva dunkar du får, korleis utdelinga blir gjennomført og kva som skal skje med dei gamle dunkane.
På nettsidene til NGR finn du meir informasjon om dei nye avfallsdunkane, moglegheita for å dele dunkar med naboar og den nye renovasjonsordninga.
Gå til NGR.no