Viktig melding

Kong Harald V 1937 – 2026

Vi har mottatt budskapet om Hans Majestet Kong Haralds bortgang. Våre tanker går til den kongelige familie. Kongens bortgang berører oss alle. Sel kommune er i sorg.

Ønsker du å signere kondolanseprotokoll i forbindelse med kong Harald Vs bortgang, vil det bli mulig å gjøre dette på servicesenteret i Sel rådhus. ​Kondolanseprotokollen er nå åpnet for signering, og vil kunne signeres i servicetorget sine åpningstider: Mandag, tirsdag, torsdag og fredag kl. 09:00 - 14.00 (stengt mellom kl. 11.00-11.45). Protokollen vil ligge ute til gravferden har funnet sted.

De som ønsker å legge ned en blomsterhilsen kan gjøre dette ved flaggstanga utenfor rådhuset.

Ny tilskotsordning for friluftsliv i Innlandet, retta mot kommunar og friluftsråd

Fylkesutvalet har vedteke å starte eit toårig prosjekt som skal bidra til å skape fleire gode og tilgjengelege uteområde for alle i nærmiljøa rundt om i Innlandet.

Allereie frå hausten kan kommunar og friluftsråd i Innlandet søkje om støtte til tiltak som gjer det enklare og trivelegare å vere ute i naturen, der folk bur.

I tillegg til eigne midlar er det kome 10 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, som skal gå til dette viktige føremålet!

Målet med ordninga er å skape tilgjengelege og attraktive nærmiljø for friluftsliv i heile Innlandet.
– Minst eitt større tiltak i kvar region.

Skal vi sikre at alle – og særleg barn, unge og eldre – har like moglegheiter til å vere aktive, må vi tenkje heilskapleg og prioritere:

  • fleire opne og uforpliktande møteplassar for eigenorganisert aktivitet.
     
  • lågterskeltilbod som ikkje krev medlemskap eller utstyr.
     

Skal vi lukkast med dette, må kommunar, fylkeskommunar og frivillige organisasjonar samarbeide om å skape fysiske miljø som inviterer til sosial og fysisk aktivitet, uansett bakgrunn, alder og økonomi.

Innlandet fylkeskommune ønskjer å løfte fram eit tverrfagleg pilotprosjekt for å realisere gode tiltak og prosjekt. Satsinga er òg ein del av Innlandet fylkeskommune sitt bidrag i Friluftslivets år 2025.

Prosjektperiode: 2025–2027
Søknadsfrist: 15. september 2025 og 15. mai 2026
Søknadsfrist: 15. september 2026 og 15. mai 2027 (vert vurdert)

Det skal søkjast via Regionalforvaltning.no.

Retningslinjer for ordninga:

Klikk her for å lese retningslinjene. (PDF, 114 kB)

Kontaktpersonar:

Tuva Eiklid
E-post: tuveik@innlandetfylke.no
Mobil: 992 73 740

Kjersti Rønning
E-post: kjeron@innlandetfylke.no
Mobil: 948 11 726