Ny regional beredskapskoordinator

Rolv Atle Mallaug er tilsett i den nye stillinga som regional beredskapskoordinator for Nord-Gudbrandsdalen. Mallaug, som kjem frå stillinga som politikontakt i Vågå, Lom og Skjåk, startar i jobben 1. oktober. Dovre er vertskap for stillinga. 

Fjuken

"Eg ser fram til å starte i ei nyoppretta og spennande stilling," seier Rolv Atle. "I dag er arbeidet med beredskap og samfunnssikkerheit viktigare enn nokon gong. Det er spennande å få vera med å forme stillinga, og styrke samordning og samarbeid mellom seks kommunar."

Auka samordning

Som politikontakt har Mallaug dei siste åra samarbeidd med alle dei seks kommunane i politirådet for Nord-Gudbrandsdalen. 

No ser han fram til å bygge vidare på desse relasjonane. Inn i den nye stillinga tek han òg med seg erfaringa med å jobbe førebyggande. 

I rolla som regional beredskapskoordinator vil Mallaug samordne beredskapsarbeidet mellom norddalskommunane. Mot eit meir alvorleg sikkerheitspolitisk bakteppe er den nye stillinga i tråd med signala i Totalberedskapsmeldinga som vart vedteke i vår. 

Styrka motstandskraft 

Det overordna målet med stillinga er å gjera lokalsamfunna og regionen vår meir robuste i møte med uføresette hendingar og kriser. Ved å legge til rette for betre koordinert planlegging, risikoanalysar, øvingar og samarbeid med andre aktørar, vil Mallaug bidra til at kommunane er best mogleg forberedt. 

Mallaug vil vera ein strategisk rådgjevar for kommuneleiinga og dei lokale beredskapskoordinatorane i dei seks norddalskommunane. Han vil òg vera ein brubyggar mellom dei ulike beredskapsaktørane og frivilligheita i regionen.