Eldri Siem, ordførar i Sel, fortalte om felles beredskapsarbeid som kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gjer.
Karianne Stordal / KS
Møtet på Otta var starten på ei ny runde med regionmøter i Innlandet for Statsforvaltaren. Møta er viktige for å utvikle eit godt samarbeid mellom kommunar og stat – og klargjere forventninger. I Kulturhussalen vart det utveksla både kunnskap, ros og klare utfordringer.
På sakslista stod forventningsgap, bruk og vern og beredskap. Kommunane møter mange forventninger, og må sjå på ulike løysingar og også samarbeide med andre. Tilgang på kompetanse og kapasitet er ei aukande utfordring – og korleis skal ein handtere dette gapet? Kva kan Statsforvaltaren gjere, og korleis skal vi saman kommunisere? Etter raske samtaler rundt borda kom det ei rekke innspel, blant anna om å vere realistiske i samfunnsplan og kva som blir nedfelt og kommunisert, eit tiltak som inkluderer og balanserer folk sine forventningar.
Les meir på Statsforvaltaren si heimeside.