Fastlegar ved Otta legekontor

Her er ei oversikt over fastlegar ved Otta legekontor pr august 2026 samt anna viktig informasjon.

Fastleger ved Otta legekontor
NavnTittel
Therese RenaaFastlege og kommuneoverlege
Elvyra PodenieneFastlege og helsestasjonslege
Jan NizialekFastlege
Ali Abdullahi AliFastlege og tilsynslege ved NGLMS
Sofie Hundevadt DahlFastlege og tilsynslege ved Sel Sjukeheim/ Bokollektivet Heidal
Ane HoleFastlege og skolelege
Mia Jan MalekzadehLegevikar til september 2026
Fredrik Christopher Gihle- HaverstadFastlege fra 24.08.2026
Frida Maria Grieg SkjoldLis lege (lege i spesialisering)
Therese og Sjur Krystad PrestsæterFastleger på delt liste fra 01.10.2026

 

Bruk Helsenorge for enkle førespurnader: 

Vi oppmodar pasientane våre om å bruke Helsenorge til kommunikasjon med fastlegen. Gjennom Helsenorge kan du mellom anna:

  • Bestille legetime 
  • Fornye reseptar 
  • Sende enkle medisinske spørsmål og avklaringar som ikkje krev fysisk oppmøte 


Ved e-konsultasjon og reseptfornying vil fastlegen svare innan fem virkedagar. Ver merksam på at tenesta på Helsenorge kan vere mellombels stengd når fastlegen har ferie eller anna fråvær. Dersom dette er tilfelle, ber vi deg prøve igjen seinare eller kontakte legekontoret direkte. Alle meldingar som blir sende via Helsenorge, går direkte til fastlegen din. 

Ved akutte førespurnader: 

Ved akutte behov må legekontoret kontaktast per telefon. For førespurnader som ikkje hastar, ber vi om at telefonkontakt om mogleg blir utsett til litt seinare på dagen. Dette kjem av stor pågang på telefonen ved opningstid måndag–torsdag kl. 08.30 og fredag kl. 09.00. 

Blodprøver: 

Pasientar som skal ta blodprøve, må ha rekvisisjon frå lege/annan behandlar eller avtalt legetime før prøvetaking. Vi takkar for forståinga og ser fram til å gi pasientane våre best mogleg helsehjelp.