Viktig melding

Kong Harald V 1937 – 2026

Vi har mottatt budskapet om Hans Majestet Kong Haralds bortgang. Våre tanker går til den kongelige familie. Kongens bortgang berører oss alle. Sel kommune er i sorg.

Ønsker du å signere kondolanseprotokoll i forbindelse med kong Harald Vs bortgang, vil det bli mulig å gjøre dette på servicesenteret i Sel rådhus. ​Kondolanseprotokollen er nå åpnet for signering, og vil kunne signeres i servicetorget sine åpningstider: Mandag, tirsdag, torsdag og fredag kl. 09:00 - 14.00 (stengt mellom kl. 11.00-11.45). Protokollen vil ligge ute til gravferden har funnet sted.

De som ønsker å legge ned en blomsterhilsen kan gjøre dette ved flaggstanga utenfor rådhuset.

Elgen bryr seg ikkje om kommunegrenser

Ny kunnskap frå Elgprosjektet i Oppland viser at elgen nyttar store område gjennom året og trekkjer på tvers av kommunegrenser. Dette gir eit viktig grunnlag for framtidig forvaltning av elgstamma i regionen.

Ei ny undersøking frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) dokumenterer korleis elgen vandrar mellom vinter- og sommarområde over store delar av tidlegare Oppland. Heile 86 prosent av dei GPS-merkte elgane i studien flytta mellom ulike sesongområde, og fleire av dyra kryssa fleire kommunegrenser i løpet av året. Nokre var innom så mange som åtte kommunar og forflytta seg over 100 kilometer.

Elgprosjektet i Oppland har vore eit samarbeid mellom kommunane Vågå, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Gausdal, Lillehammer, Gjøvik, Nordre Land, Etnedal, Nord-Aurdal og Øystre Slidre. I tillegg har mellom anna fjellstyre, grunneigarar og Innlandet fylkeskommune delteke i prosjektet.

Prosjektet har gitt ny og viktig kunnskap om korleis elgen nyttar landskapet, og viser at ei god elgforvaltning krev samarbeid på tvers av kommunegrenser. Resultata vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag i framtidig arbeid med forvaltning av elgstamma, arealbruk og ivaretaking av viktige trekkruter.

Vil du lese meir?

Du kan lese både artikkelen frå NINA og heile sluttrapporten gjennom lenkene under.