Viktig melding

Kong Harald V 1937 – 2026

Vi har mottatt budskapet om Hans Majestet Kong Haralds bortgang. Våre tanker går til den kongelige familie. Kongens bortgang berører oss alle. Sel kommune er i sorg.

Ønsker du å signere kondolanseprotokoll i forbindelse med kong Harald Vs bortgang, vil det bli mulig å gjøre dette på servicesenteret i Sel rådhus. ​Kondolanseprotokollen er nå åpnet for signering, og vil kunne signeres i servicetorget sine åpningstider: Mandag, tirsdag, torsdag og fredag kl. 09:00 - 14.00 (stengt mellom kl. 11.00-11.45). Protokollen vil ligge ute til gravferden har funnet sted.

De som ønsker å legge ned en blomsterhilsen kan gjøre dette ved flaggstanga utenfor rådhuset.

Eigenberedskapsveka 2025 - er du ein beredskapsven?

Frå 27. oktober til 2. november markerer kommunane i Nord-Gudbrandsdal Eigenberedskapsveka 2025. Tema i år er «beredskapsven» – korleis vi kan ta vare på kvarandre når kvardagen blir snudd på hovudet.

Eigenberedskapsveka er eit initiativ frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Målet er å gjere oss meir bevisste på korleis vi kan klare oss sjølve i minst ei veke dersom straumen, vatnet eller mobilnettet blir borte.

Å vere ein beredskapsven handlar om å bry seg – om å vite kven som kan trenge litt ekstra hjelp, og kven du sjølv kan støtte deg på. I distriktet vårt – Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja – har vi sterke lokalsamfunn og gode nabosamband. Det er ein viktig del av beredskapen.

Gjennom veka vil kommunane dele tips og råd som hjelper deg å førebu deg på kriser. Du får vite korleis du kan lage eit enkelt lager av mat og vatn, sikre varme og lys, og planleggje for at familien eller naboane skal klare seg betre om noko skjer.

Når du er førebudd, står både du, naboen og bygdene våre sterkare.
Følg med på kommunens nettsider og på dsb.no/egenberedskap for meir informasjon og gode råd.

Ungdom som tenner ljos og spel brettspel. - Klikk for stort bilde Glenn Rokeberg/DSB