Viktig melding

Kong Harald V 1937 – 2026

Vi har mottatt budskapet om Hans Majestet Kong Haralds bortgang. Våre tanker går til den kongelige familie. Kongens bortgang berører oss alle. Sel kommune er i sorg.

Ønsker du å signere kondolanseprotokoll i forbindelse med kong Harald Vs bortgang, vil det bli mulig å gjøre dette på servicesenteret i Sel rådhus. ​Kondolanseprotokollen er nå åpnet for signering, og vil kunne signeres i servicetorget sine åpningstider: Mandag, tirsdag, torsdag og fredag kl. 09:00 - 14.00 (stengt mellom kl. 11.00-11.45). Protokollen vil ligge ute til gravferden har funnet sted.

De som ønsker å legge ned en blomsterhilsen kan gjøre dette ved flaggstanga utenfor rådhuset.

Bli ein beredskapsven

Når noko uventa skjer, er det fellesskapet som gjer oss sterke. Ein beredskapsven er rett og slett ein som bryr seg – som tenker litt føre var, og som stiller opp for andre når kvardagen blir snudd på hovudet.

Vi oppmodar alle til å bli ein beredskapsven:

  • Finn ut kven du kan hjelpe, og kven du kan få hjelp av.
  • Familie, vener og naboar har ulike eigenskapar og kunnskapar – saman kan vi få til mykje.
  • Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk best mogleg i lag.

Ein beredskapsvenn kan hjelpe til med:

  • omsorg og støtte
  • opphald eller overnatting ved behov
  • deling av utstyr og varer
  • praktiske gjeremål når noko blir vanskeleg

Kvifor er eigenberedskap viktig?

Norske styresmakter rår til at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke dersom ei krise rammar.
Da kan kommunen og naudetatane bruke kreftene sine på dei som verkeleg treng hjelp.

Norge er eit trygt og stabilt land, men også her kan vi oppleve situasjonar der viktige tenester ikkje fungerer som normalt – som ved ekstremvêr, langvarige straumbrot, dataangrep eller andre hendingar.

Da er det godt å vite at du har teke nokre enkle grep, både for deg sjølv og for dei rundt deg.

To av dei viktigaste tinga du bør ha:

  • Drikkevatn: Ha om lag 20 liter per person – nok til ei veke.
  • Plan for varme: Tenk gjennom korleis du held varmen om straumen går.

Fleire gode råd finn du på dsb.no/egenberedskap.

Last ned sjekkliste for eigenberedskap (PDF, 507 kB)

Bli ein beredskapsven! - Klikk for stort bilde Ivar Kvaal / DSB