ALU-samling

PPT har vore i kontakt med Vigdis Refsahl frå Statped i fht å få til eit lite oppfriskingsopplegg kring ALU, i tillegg til at ho vil vera med å sjå meir på språk- og leserettleiarrolla no i dag. Det er mange nytilsette i alle ledd sidan ALU-kursa gjekk føre seg i Nord-Gudbrandsdalen, så dette vil vera fint å få med seg for alle. Det er ikkje heilt spikra enda, men Vigdis såg for seg 3-4 samlingar spredd utover hausten og vinteren. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Ber dykk om å reservere datoen onsdag 31.10.18 allereie no, så vil vi i PPT i samarbeid med Vigdis, lage eit program for dagen som vi sender ut når det er klart.

Håper at flest mogleg har moglegheit til å koma, slik at vi saman kan forsetje det gode arbeidet kring ALU i Nord-Gudbrandsdalen!

 

Ved spørsmål eller innspel er det berre å ta kontakt med:

INA KRISTIN AAS SANDVOLL

Pedagogisk psykologisk rådgjevar

 

M: 95 45 04 99

K: 94 15 72 91

epost: ina.kristin.aas.sandvoll@sel.kommune.no