SFO

Vel møtt til alle som skal bruke SFO i år!

 

Kva er SFO?

Ifølgje Kunnskapsdepartementet skal alle kommunar ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn og for barn med særskilte behov for 1.-7. årstrinn. Kommunane si plikt til å organisere SFO er avgrensa til skuleåret.

SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og innhaldet skal vere noko anna enn tilbodet ungar får i barnehage og skule. SFO skal vere ein trygg opphaldsplass for barn som har behov for opphald ut over opningstida.

 

Innhald i tilbodet:

Opphaldet på SFO hos oss er styrt etter desse retningslinjene:

  • Ungene sin alder og behov skal vere utgangspunkt for utforminga av tilbodet.
  • Interessene til ungane skal takast vare på.
  • Ungane skal få kjennskap til og ta del i kulturelle aktivitetar.
  • Samvær med barna og gode vilkår for leik og utfoldelse under trygge forhold.
  • Omsorg og gode relasjonar.
  • Vektleggje det uformelle samværet med andre barn og vaksne.

 

Opningstider

Grunna manglande påmelding, vert det ikkje SFO på onsdag morgon i år. (Må vere minst 5 elevar)

Vekedag Klokkeslett
Måndag 07.30 - 08.00
  14.00 - 16.15
Tysdag 07.30 - 08.00
  13.00 - 16.15
Onsdag 11.00 - 16.15
Torsdag 07.30 - 08.00
  14.00 - 16.15
Fredag 07.30 - 08.00
  13.00 - 16.15

 

Lærarane tek utgangspunkt i lista over påmelde barn til SFO ved skuleslutt. Skal barnet på andre ordninger den dagen,  de gje beskjed om dette i barna sine meldingsbøker.

Det er viktig at alle respekterer opningstidene. Oppstår det uventa situasjonar, må personalet få beskjed.

 

Plass og søknad

Det er mogleg å få plass på SFO om det er ledige plasser gjennom året. Ta kontakt med skulen! 

Bruk gjerne søknadsskjema som dykk finn her (PDF, 320 kB). Dei som ikkje har plass, men som ynskjer å kjøpe dagplass/ekstra opphald, kan ta kontakt om dette. Ope sommar-SFO forutset minst 5 påmeldte elevar. Om skulen ikkje får nok påmelde, kan tilbodet bli gjeve på ein annan skule i kommunen om det er plass der. 

 

Kontakt og personale

Telefon: 41 52 72 88 (i tillegg til 617 00 881)

SFO har eigen mobiltelefon berre dei nyttar. Har de meldingar og beskjeder av ulike slag, er det berre å sende ein SMS i løpet av dagen. Dette kan t.d. gjelde tidspunkt når elevane skal bli henta, når dei skal gå osv.

Skuleåret 2017-2018 har vi to faste tilsette i SFO:

Ebenezer Gapson, e-post: ebenezer.gapson@sel.kommune.no

Ingvill Borgen, e-post: ingvill.borgen@sel.kommune.no

Rektor er øvste ansvarleg for SFO ved skulen.

 

Lokale

Om morgonen nyttar vi klasserom i fyrste etasje. i kvitbygget. På ettermiddagen er vi og i 2. etasje, på skulekjøkenet sine lokale, eller i gymsalen.

 

Betalingssatsar

F.o.m. 01.01.2018:

Opphald t.o.m. 8 timar pr. veke:

kr.   890,-

Opphald fom. 9 tom. 15 timer pr. uke

kr. 1440,-

Opphald f.o.m. 16 timar pr. veke:

kr. 1440,- +(antall timer x 96 kr)

Det er ingen søskenmoderasjon.

Ekstraopphald:

Pr. dag kr. 400,-

Ingen søskenmoderasjon

 

Pr. time kr. 110,-

Ingen søskenmoderasjon

 

 

Lover og retningslinjer

 

Opplæringsloven § 13-7

 

Vi håper på godt samarbeid slik at ungane får ei trivelig tid på SFO!