Samarbeid Vågå - Sel

Både Vågå og Sel kommunar står framfor store og krevjande omstillingsprosessar i 2019. Det er bestilt eit større utgreiingsarbeid for å omstille drifta til reduserte ramer. 

I dette omstillingsarbeidet er eit utvida samarbeid mellom Vågå og Sel lagt inn som ein føresetnad. Utgreiingsarbeidet skal danne grunnlag for økonomiplanarbeidet for 2020-2023, som skal starte opp i løpet av fyrste halvår 2019.

I samband med kommunereformarbeidet i 2015-2016, vart det gjort eit grundig utgreiingsarbeid for Vågå og Sel kommunar. Dette vil i stor grad bli lagt til grunn for det vidare arbeidet. Det same gjeld utgreiingane som er gjort av brannsamarbeid.

Eit grunnleggjande prinsipp for arbeidet, er at båe kommunar skal hauste gevinst ved å vidareutvikle samarbeidet.

Det er vidare sett som ein føresetnad at eit utvida samarbeid skal sikre kompetanse og styrke fagmiljø, samtidig som kommunane skal hente ut realiserte gevinstar, som t.d. gjennom:

  • redusert sårbarheit 
  • auka kvalitet  
  • takle auka oppgåvemengde utan å auke bemanning  
  • reduserte utgifter til lønn og drift

Følgjande er bestemt:

På stutt sikt, og innan utgangen av 1. halvår, skal det gjerast ei utgreiing på følgjande område: 

  • sluttføre påbegynt arbeid med korttidsplassar for Vågå ved NGLMS inkl. rehabilitering, felles tildelingskontor skal etablerast innan medio april 2019
  • tilsynslegefunksjon 
  • brann, byggesak, oppmåling og overordna planarbeid  
  • stab/støttefunksjonar - rekneskap, fakturabehandling, eigedomsskatt, lønn, arkiv
  • vaksenopplæring 
  • NAV

Kontakt

Jan Egil Fossmo
Rådmann
Telefon 61 29 36 29
Mobil 901 32 335