Ledige stillingar ved PPT Nord-Gudbrandsdal

Klikk for stort bilde  

LEDIGE STILLINGAR

Pedagogisk Psykologisk Rådgjevingsteneste Nord-Gudbrandsdal er ei felles gjennomgåande teneste for dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal. Sel kommune er arbeidsgjevar og vertskommune for tenesta. Hovudkontoret for tenesta er på Otta, men oppmøtestad kan bli lagt til avdelingskontor i regionen.

 

Verksemda er organisert i eit barneteam og eit ungdomsteam. Det faglege arbeidet har tre hovudområde; systemretta tiltak inn mot skular og barnehagar innan ulike faglege område, språk- og fagvanskar og sosio-emosjonelle vanskar.

Du vil bli inkludert i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse.

 

Ledige stillingar:

St.id. 2186

40% fast stilling som PP-rådgjevar kombinert med 60% vikariat i perioda 1.8.20 – 31.7.21

St.id. 2187

50-100% vikariat frå 1.8.20 – 31.07.21.

Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariat og auka grad av fast tilsetting etter kvart.   

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene går i stor grad ut på utgreiing i både system- og individsaker og rettleiinga av skular og barnehagar kring tilrettelegging for barn og elevar ut frå individuelle behov, relasjonar, barnehage- og klassemiljø og pedagogisk leiing i gruppa. PPT NG ynskjer i tråd med nasjonale mål å arbeide meir og meir saman med barnehagane og skulane med å utvikle barnehage- og skulemiljøa.

PPT NG er ein del av ein nasjonal pilot saman med Dovre og Sel kommune, for å prøve ut  nye modellar i arbeidet for eit inkluderande barnehage-, skule- og SFO miljø.  

 

Personlege eigenskaper

Vi søkjer etter deg som har engasjement, er fleksibel, har gode evner til samarbeid og er løysingsorientert. Vi legg vekt på at du er godt eigna til arbeidet. Du må rekne med å arbeide i heile vår region.

Som tilsett i Sel kommune må du beherske båe målføra, og ha ein god rettskriving.

 

Vi krev framlagt tilfredsstillande politiattest før tilsetjing.

 

Kvalifikasjonar:

Vi ønskjer søkjarar med mastergrad i spesialpedagogikk, cand.psychol, cand.ed./cand.spes.ped, eller tilsvarande.

Det leggast vekt på erfaring frå skuleverket og praksis frå PP-tenesta.

I tilsettinga vil det leggast vekt på rettleiingskompetanse og kompetanse inna systemretta arbeid, i tillegg til testkompetanse, kartleggingskompetanse. Det er behov for kompetanse innan systemarbeid innretta mot barnehage og skule og innan dei tre nemnde fagområda. 

Søkjarar med anna relevant utdanning er også velkomen til å søkje.

 

Tilsetjing på kommunale vilkår etter dei til kvar tid gjeldande avtalar, reglement og lovverk.

 

Søkjarar vert bedne om å nytte elektronisk søknadsskjema på www.sel.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 12.4.20

 

Spørsmål kring stillinga rettast til leiar Hilde Engvik Lusæter, tlf. 41 53 72 85