Påskehelsing frå ordførar og kommunedirektør

Kjære alle innbyggjarar og hyttebebuarar i Sel kommune! 

Vi er nå inne i det som blir kalla den "stille veka". I år blir påskehøgtida ekstra stille ved at nesten alt av bedrifter og aktivitetar er stengt ned. Sidan fyrst i mars har Sel kommune vore og er framleis i ein svært krevjande situasjon – nær sagt ein unntaksstilstand der krefter og ressursar blir sett inn på å gjera alt for å ta vare på liv og helse til innbyggjarane.

Klikk for stort bilde Men det er også ljospunkt. Dei fleste som fyrst fekk påvist smitte er friske att, og så langt er det ingen registreringar av alvorleg sjuke personar. Vi må halde fram med det gode arbeidet som er starta og ikkje sleppe opp for tidleg. Det er framleis ein alvorleg situasjon, noko som daglege rapportar frå andre stader i landet og verda syner.

Mange har vore og er bekymra for Korona-viruset, arbeidsplassen sin, bedrifta si og korleis samfunnet blir når pandemien er over. Det er forståeleg, og vi ser at det er eit stort behov for informasjon. For å gje god informasjon har vi brukt kommunen si heimeside, FB-side, varsling 24 og gjeve mange svar via telefonar og e-postar.

Sel kommune har heile tida lagt til grunn Folkehelseinstituttet (FHI) og sentrale myndigheiter sine råd, og har ikkje hatt eigne lokale forskrifter. Det er likevel viktig nok ein gong å påpeike at alle må ta ansvar for eige helse, halde god avstand (2 meter), ha god handhygiene og halde seg heime dersom ein er sjuk/har symptom.  
Hytteforbodet, forbodet mot å overnatte på fritidseigedom utanfor for eige kommune, er forlenga til over påske dvs. til den 20.april. Vi forstår godt at folk ønskjer å kunne bruke hytta i påska, og synest det er beklageleg at situasjonen vart slik. Nå gler vi oss til at vi kan ønske alle velkomne til Sel att, anten det er for å få vere på hytta, gå i fjellet, delta på våre festivalar eller andre aktivitetar!

Næringslivet vårt fortener varme tankar i ei vanskeleg tid. Den radikale endringa som mange har opplevd frå den eine dagen til neste har skap utryggheit og utfordringar som ingen hadde drøymt om for stutt tid attende. Sel kommune vil halde fram arbeidet med å legge til rette for næringslivet.

Vi vil òg nytte høvet til å takke alle tilsette i Sel kommune. Alle på kvar sin måte har gjort ein framifrå innsats uavhengig av kva oppgåver den enkelte har. Det er særleg viktig å tenke over at kommunen har fleire hendingar i løpet av dei siste månadane som verkeleg har sett kommunen på prøve. Vi er imponert over arbeidsinnsats og omstillingsevne som dei tilsette har vist.

I det store og heile leitar alle etter å ta att kvardagen slik vi ynskjer den, med eit normalisert liv og anledning til naturleg omgang med familie, vener og andre som ein trivst i lag med. Høgtida vi står framfor vil i større grad enn nokon gong gje oss høve til refleksjon.  Gjer det beste ut av situasjonen saman med dine næraste, men hugs også på dei som er einslege. Det er god folkehelse i å koma seg ut og i aktivitet. Naturen vår er full av moglegheiter til det der ein samstundes held seg innanfor reglane som er sett.

Vi vil med dette få ønske alle ei best mogleg påskehøgtid! 

Eldri Siem                                    Ola Helstad                                                                                           
Ordførar                                     Kommunedirektør