Offentleg ettersyn - detaljregulering for rv. 15 kryss fv. 51 ved Randen

Statens vegvesen har utarbeidd forslag til endring av godkjend reguleringsplan for rv. 15 kryss fv. 51 ved Randen og lagt planen ut til offentleg ettersyn i perioden 20.05.2019 –30.06.2019. 

Målet med tiltaket er betre trafikksikkerheit og trafikkavvikling for alle trafikantgrupper.

Planen tek i vare prinsippa i godkjend plan og legg til rette for ei ombygging av krysset til eit fullkanalisert T-kryss. Krysset vert flytt ca. 80 m austover i høve til dagens kryss, og fv. 50 lagt om eller utbetra over ei strekning på ca. 350 m. Vidare vil rv. 15 bli flytta delvis ut i Vågåvatnet over ei strekning på ca. 600 m. Masser til utfyllinga blir henta frå Nedre Otta.

Plandokumenta ligg nedanfor på denne sida, samt på vegvesenet si heimeside www.vegvesen.no

Planforslaget er også tilgjengeleg i kommunen si kartinnsynsløysing. Ein finn her høyringsdokumenta ved velje «arealplan» og deretter huke av «planar under arbeid». Gjeldande plan kjem opp dersom ein hukar av på «gjeldande plan».

Plandokumenta blir også lagt ut i servicetorget på kommunehuset.

Frist for å sende merknader til reguleringsplanen er 30. juni 2019. 

Merknader til planen skal sendast til Statens vegvesen på e-post: firmapost-ost@vegvesen.no 

eller per post til: 
Statens vegvesen Region øst
Postboks 1010
2605 Lillehammer

Kopi av uttale kan sendast kommunen

 

Plandokument: