Ny pedagognorm i barnehagane frå 01.08.18

Frå 1. august 2018 blir pedagognorma i barnehagen skjerpa. Då skal det vere minst ein pedagogisk leiar per 7 barn under tre år, og minst ein pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Barn blir rekna for å vere tre år frå og med august det året dei fyller tre år. Styrar si tid til administrasjon skal ikkje vere ein del av utrekninga av norm for pedagogisk bemanning.

Tidlegare forskrift om pedagogisk bemanning og forskrift om midlertidig dispensasjon og unntak frå utdanningskravet for styrer og pedagogisk leiarar blir oppheva. Bestemmingane blir samla i ei ny forskrift.

Forskrifta inneheld enkelte endringar frå tidlegare forskrifter:

  • Då skal det vere minst ein pedagogisk leiar per 7 barn under tre år, og minst ein pedagogisk leiar per 14 barn over tre år.
  • Eit barn til utløyser krav om ei ny fulltidsstilling som pedagogisk leiar.
  • Barn skal reknast som tre år frå august det året barnet fyller tre år.
  • Det særlege unntaket frå utdanningskravet for personale som arbeider i barnehagen på natt er fjerna.
  • I barnehagar der over halvparten av barna har avtalt kortare opphaldstid enn seks timar per dag, skal omrekna heiltidsplassar leggast til grunn i utrekning av norma for pedagogisk bemanning

     

Dette er ikkje ei norm for gruppestørrelse, men pedagognorma skal være oppfylt for barnehagen totalt. For utrekning av bemanningskravet i denne forskrifta er forholdet slik at eit barn under tre år utgjer to barn over 3 år.

Omgrepet "pedagogisk leiar" i forskrifta stiller berre krav til pedagogisk utdanning og er ikkje eit krav om at dei pedagogiske leiarane fungerer i ein bestemt stillingskategori. Les meir om dette her