Markering av arbeidet med Covid-19 i Sel kommune

Mandag 20. juni ble det avholdt en markering i Otta kulturhus, der kommuneledelsen takket ansatte og frivillige for innsatsen under arbeidet med Corona-pandemien i Sel kommune.

Ordfører Eldri Siems tale under markeringen:

Kjære alle saman!

Endeleg vart situasjonen slik at vi fekk invitert og samla folk til ei markering av at Covid-19 er over, eller eg får heller seia -  nesten over.

Tre gonger tidlegare har han Arild og eg prøvd å finne ei anledning for å få til ei markering, men kvar gong har det kome ei ny smitteoppblomstring. 

Alle hugsa nok godt den 5. mars 2020 og fyrste gong det vart påvist tilfelle av  Covid-19 her i Sel. Vi var av dei fyrste kommunane i landet som fekk smitteutbrot. I løpet av stutt tid vart det påvist 35-36 smitta, og ei periode var det om lag 1000 personar, dvs. om lag 20 % av innbyggjarane i kommunen, som sat i karantene. Takk vere vår kommuneoverlege Therese Renaa og våre dyktige fagfolk innan helse,  vart det gjort gode faglege vurderingar. Det vart raskt sett i verk ei rekkje tiltak, slik at ein på best mogleg måte fekk kontroll på smittespreiinga.

Sel kommune var også av dei fyrste kommunane i landet som måtte stengje ein av skulane. Den 9. mars vart Otta ungdomsskole stengt, da det ikkje var forsvarleg å drifte pga. for få lærarar. Tre dagar etterpå, den 12. mars, sette regjeringa i gang tiltak med å stengje ned samfunnet.

Det er heilt klart at i starten av pandemien i mars 2020 så kjende eg på at kommunen stod åleine. Eg vil seia det så sterkt at korkje statsforvaltar eller sentrale myndigheiter var førebudde på ein slik situasjon – dei var ikkje "på" frå dag 1. Pandemien var sjølvsagt ein ny situasjon og den mest krevjande situasjonen landet har stått i sidan andre verdskrig. Vi gjennomførte mange digitale møte med statsforvaltaren der vi hadde fleire spørsmål enn vi fekk svar. Våre dyktige fagfolk måtte ta eigne val, kome med svar sjølve og syne veg. Men etter kvart vart det god hjelp og støtte å få både hjå statsforvaltar, sentrale helsemyndigheiter og regjering. 

Da pandemien kom, registrerte eg ein kommuneorganisasjon som aksjonerte raskt, og fokuset var førebygging og beredskap. Ein skal ikkje sjå bort frå at alle flaumsituasjonane som Sel kommune har stått i, der det har vore fokus på nettopp dette, var til hjelp også under pandemien.   

Det vart mange krevjande vurderingar og vanskelege val som kommunen måtte ta, som for eksempel kor omfattande vi skulle rigge oss til for å ta imot Covid-19 pasientar. Det var vanskelege vurderingar mellom anna i forhold til bruk av NGLMS. Ei tid var det også vurdert om pandemien kunne få eit slik omfang at vi måtte ta i bruk Ottahallen for mottak av pasientar. Takk og pris så vart det ikkje slik.

Skulane har gjort ein stor jobb med å ta vare på og sikre elevane best mogleg opplæring under pandemien.  Dei tilsette i skulane, rektorane og kommunalsjef har vore omstillingsdyktige og sett moglegheiter for å gje elevane ein best mogleg skulekvardag og ei god opplæring. Det same har vi sett frå barnehagane.

I mange samanhengar har eg sagt at Covid- 19 pandemien påverka alle tenesteområda i kommunen. Sjølvsagt har det vore særskilt krevjande for helsesektoren, men det har også vore krevjande for t.d. skulane, barnehagane, kommunal eigedom og tekniske tenester. Det vart organisert og jobba i arbeidslag slik at ikkje alle skulle bli smitta på same tid.

Pandemien har medført mykje ekstraarbeid og store kostnader for kommunen. Kostnadene for åra 2020 og 2021 har kommunen fått dekt, men fyrste prioritet for oss har heile vegen vore innbyggjarane sine liv og helse! Det var ein krevjande situasjon og da kanskje spesielt i starten med eit ukjent virus, med ein lite føreseieleg situasjon, der vi måtte vere førebudde på det verste og der ein ikkje heilt såg for seg kva som ville skje framover.

Vi har i løpet av pandemien gjort kvantesprang når det gjeld digitalisering, både innanfor skulane, anna kommunal tenesteproduksjon og møteverksemd. I desse to åra har det vore gjennomført mange TEAMS-møte. Noko av dette kan ein absolutt vidareføre og på den måten spare mykje tid og ressursar.

Sel kommune har fått mykje skryt for korleis vi delte informasjon og syrgde for kontinuerlege oppdateringar. Det vart raskt sett i drift to koronatelefonar som også vart brukt av innbyggjarar i andre kommunar. Det er klart at i ein slik pandemisituasjon var det naturleg at folk vart bekymra og til dels redde, så informasjonsbehovet var stort.   

Det var svært viktig å sørgje for kontinuerlege oppdateringar for å trygge våre innbyggjarar, sjølv når status og situasjonen var uendra.

Eg vil få rette ein STOR, STOR TAKK til alle tilsette i Sel kommune, kommunalsjefane med sine ansvarsområde, kommunedirektøren og alle friviljuge som på ein framifrå måte har delteke i eit omfattande arbeid med:

  • Testing – testing vart gjennomført fleire stader, og dei som stod for testinga, gav også tilbod om å reise ut for å få testa folk.  
  • Smittesporing – eit systematisk og omfattande arbeid av smittesporings-teamet.
  • Korona-telefon – med informasjon og god oppfølging av alle som har vore i karantene.
  • Vaksinering  - vaksineringsansvarleg Anne Enkerud Lien saman med tilsette i kommunen, smittevernoverlege Helge Leander Jensen, Sel Eldreråd, Sanitetsforeninga, Sivilforsvaret og mange friviljuge som stilte opp.
  • Dei som stilte opp og sydde smittevernfrakkar til oss og laga visir/masker, da det vart mangel på smittevernutstyr.   
  • Alle dei som på ulike måtar gjorde ei rekkje tiltak for å hindre at vi skulle få noko alvorleg smitteutbrot på Sel sjukeheim, Heidalstun, Selsro og NGLMS.  Likeeins venneforeiningane som stilte opp og stod ute og song for bebuarane.
  • IKT dvs. datafolka våre som la til rette for oss med digitalisering.
  • Beredskapsrådet i Sel der Sivilforsvaret, NKS, politi, Røde Kors, Heimevernet deltok.
  • Frivilligsentralen som organiserte tilbod om hjelp til innkjøp av daglegvare og ulike ærend da så mange av innbyggjarane sat i karantene.
  • Næringslivet og Handelstanden som sette i verk tiltak for at folk på ein trygg måte skulle kunne gjere sine daglege innkjøp.

Når det gjeld vaksinering kan eg nemne at det er sett totalt 12.104 doser. 90,9 % av alle over 16 år har fått to doser. Svært høg vaksinasjonsdekning spesielt i øvre aldersgrupper.

Under 2,5 år der Covid-19 har hatt stor påverknad på liva våre, har Sel kommune hatt fokus på god dialog og lagt opp til å gje råd og rettleiing i staden for sterkare verkemiddel som forskrifter og vedtak.   

Avslutningsvis vil eg rette ein stor takk til alle innbyggjarane i Sel kommune som har følgt opp smittevernfaglege råd, stilt opp og delteke i dugnaden og på ulike måtar teke ansvar for å få kontroll på Covid-19. Lokalsamfunnet har synt at lagarbeid, dugnadsånd og fellesskapstanken står sterkt!

Eg kjenner at eg er både imponert og stolt over korleis kommunen sine tilsette, alle dei friviljuge og "SELvær`n" har handtert pandemien.  

Til slutt vil eg få rette ein takk til dykk som har planlagt og organisert denne dagen!  

TUSEN TAKK til dykk alle!  

 

Eldri Siem

Ordførar