Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliardar til lag og organisasjonar

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidligare år viser at det er mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Søknadsfristen til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september.

Meir informasjon om momskompensasjon til frivillige organisasjon samt søknadsskjema finn du her