Landbruksmøte - revisjon av landbruksplan

På Lalm samfunnshus, tysdag 22. januar kl 19-22, blir det halde avslutningsmøte for Fjellandbruk er framtid og samstundes oppstartsmøte for revisjon av landbruksplan for Sel og Vågå.

Program:

  • Innleiing v. leiar på Landbrukskontoret for Sel og Vågå (10 min).
  • Gjennomgang av satsinga «Fjellandbruk er framtid», v/leiar i arbeidsgruppa, Jan Erik Mæhlum (15 min)
  • Revisjon av landbruksplan 2013 - 2017 – litt om forventningar og utfordringar, v/ordførar i Sel, Dag Erik Pryhn (15 min)

Pause med kaffi og biteti

  • Norsk landbruk,  status , verkemidlar og samanhengar v/samfunnsdebattant Svenn Arne Lie (40 min)
  • Utfordringar og marknadssituasjon i den norske kjøtproduksjon v/nestleiar  i styret i Nortura, Per Heringstad (20 min)
  • Kommentarar til innlegga og revisjonsarbeidet som ligg føre oss  v. Vågå Bonde og Småbrukarlag, Sel og Vågå Bondelag, skogeigarlaga i Sel og i Vågå

Alle er velkomne         

Arr: Landbrukskontoret for Sel og Vågå

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Telefon 61 29 36 71
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.