Kronprinsparet kjem til Sel kommune

Torsdag den 19.9 kjem H.K.H  Kronprins Haakon og H.K.H Kronprinsesse Mette-Marit  til Sel kommune. Fyrst skal det vera eit arrangement for barnehage-og skuleborn i Heidal. Dette vil halde stad ved Glittersjå fjellgård, der skuleborn/eldre barnehagebarn fra Heidal er inviterte til ein skuledag med dyr og aktivitetar. 

Så reiser kronprinsparet vidare for å delta på «Kaffe og kultur» ved  Heidal Ysteri. Her er alle innbyggjarane i Sel kommune velkomne til å delta. Elever fra 9.klasse ved Heidal skule Eldri Ekre Flatmoen, Kamilla Steinhaugen Pladsen, Anna Skogum og Johanna Skogum Tofte er programleiarar under tilstelninga.

Sel kommune ønskjer alle  innbyggjarar hjartelig velkomne til kaffe og kultur ved Heidal Ysteri!

Heidal ysteri - Klikk for stort bilde Heidal ysteri

 

 

 

Program for «Kaffe og kultur ved Heidal Ysteri»
14.30    Velkomen! Ved programleiarar  fra Heidal skule  
14.35    Servering av kaffe og bite ti. Kulturelle innslag
15.10    Kronprinsparet kjem .
15.25    Dagleg leiar ved Heidal Ysteri Hege Krukhaug ønskjer velkomen 
15.30    Musikalsk innslag av Ole Johnny Bekkemellem og Eldri Tofte 
15.35    Tale frå kronprinsparet 
15.40    «Takk til kronprinsparet» ved leiar for Sel ungdomsråd, Synne Løvli Haugen
15.45    Musikalsk innslag ved Mari Midtli

Sel kommune gler seg til storfint besøk og inviterer alle til å ta turen til Heidal Ysteri denne dagen.  Ta med flagg og kom! 

Sel kommune oppmodar alle som har høve til det til også  å flagge heime for kronprinsparet denne dagen.