A A A

Ungdommen må kome til orde i kommunreformen

Kommunestyra i Sel og Vågå har samrøystes vedteke at óg 16- og 17-åringane skal få delta i folkerøystinga om kommunesamanslåing søndag 22. mai.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå forhandlingane mellom Sel og Vågå.

Vidare frå pressemeldinga:

Ordførarane og leiarane i ungdomsråda skal no drøfte korleis ein sikrar at flest mogleg av dei unge veljarane nyttar røysteretten.

Onsdag 16. mars var det møte både i styringsgruppa og forhandlingsutvalet. Styringsgruppa er nøgde med at kommunestyra no har gjort samrøystes og likelydande vedtak om avviklinga av folkerøystinga. Styringsgruppa var særleg oppteken av at flest mogleg av dei yngre veljarane seier si meining. God eller dårleg valdeltaking blant veljarar under 30 år kan avgjere valresultatet. Ordførarane vil difor lytte til råd fra ungdomen sjølve for korleis ein på best mogleg vis når førstegongsveljarane.

-Ungdomen er framtida. Det er ikkje berre ein floskel, men ein realitet. Da er det viktig at vi greier å gje dei eit godt grunnlag for å fatte ei avgjerd og motiverar dei til å påverke utfallet ved å nytte røysteretten, seier dei to ordførarne.

Det blir opna for førehandsrøysting på kommunehusa frå mandag 2. mai. Det blir i tillegg ambulerande røysting på sjukeheimane, i bufellesskapa og på skulane.

Styringsgruppa er godt nøgde med framdrifta i forhandlingane så langt. Det vart vist til attendemeldingar fra veljarar og tilsette som samla sett tyder på at vala som så langt er tatt i forhandlingane, møter forståing i breie lag. Fleire gruppeleiarar kommenterte at løysingane viser god balanse mellom interessene til dei to kommunane. Samstundes vart det rapportert om at ikkje alle er like nøgde med alt. Av dei meir kontroversielle sakene trekker gruppeleiarane fram mellom anna målform, kommunenamn, administrasjonsstad og utmarksrettar. Og mange er ikkje minst opptekne av om tenestetilbodet vil bli endra.

-Forhandlingsutvalet er eintydige i dette spørsmålet, understrekar ordførane. Prinsippet om stor grad av nærleik til tenestene er ein botnplanke i forhandlingane og skal vidareførast i ei ny kommune. Ei samanslåing skal i seg sjølv ikkje påverke strukturen på tenestestadene.

Men det vil i følgje ordførarane kome endringar i leiing og i administrative funksjonar. Innsparingar her vil bli styrt over til tenesteproduksjon, utviklingsarbeid og auka satsing på næringsutvikling.

Intensjonsavtala vil rundt 1. mai bli distribuert til alle husstandar i kommunane. Ei førebels avtale vil bli presentert i eit ope møte på Lalm samfunnshus 4. april.

Styringsgruppa er sett saman av gruppeleiarane i kommunestyra, ein hovedtillitsvald frå kvar kommune, leiarane i ungdosmråda og rådmennene. Ordførarane representerer eige parti i tillegg til å lede arbeidet.

I forhandlingsutvalet sitt ordførarane, varaordførarane, Eldri Siem (Sel Sp/opposisjonen) og Mette Vårdal (Vågå Sp/opposisjonen).

 

Ordførar Iselin Jonassen, 916 43 500

Ordførar Dag Erik Pryhn, 913 38 870

Tips en venn Skriv ut