vinter
A A A
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult

Kulturkveld ved Heidal Skule

20.05.13
Tysdag 14.mai var heidølene samla i Heidalshallen for skulens årlige kulturkveld. Det var fullt hus, eit tettpakka program og høg stemning. Kvelden starta med at to av konferansierane åpna showet frå toppen av den nye klatreveggen. Så gikk det slag i slag; med songkor, dansing, band, film, høgtlesing, meire song og meire klattring. Ein svært variert og underhaldande kveld, der mange kreative og flinke skuleelevar fekk vist seg fram til mange stolte foreldre, besteforeldre og lærare. Klikk for fleire bilete.

kveldens konfransierer

To av konfransierane åpna showet frå toppen av klatreveggen.

Tinestafetten 2013

14.05.13

tines 2013

 

Heidal skule deltok tysdag på Tinestafetten i Kåja. Skulen stilte med fire lag, frå 6. - 9. klasse. Alle laga synte flott innsats på stafetten. Laget frå 8. klasse vann si gruppe. Heiagjengen vart og lagt merke til og fekk premie for dette. Ein fin dag i strålande sol. På biletet ser vi elevar og lærarar frå 7. klasse.

 

 

 

DSC06333

Circo Herencia

02.05.13
Barneskulen og mellomsteget fekk eit spennande besøk av nysirkusgruppa Circo Herencia.
Her var det balansekunst av forskjellig slag og sjonglering med 8 ballar!