Opplæringslova § 9a-3 første ledd, seier følgjande:
”Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.”
Med bakgrunn i dette har Sel skule utarbeidd ein tiltaksplan mot krenkjande åtferd.
Mål: Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø fritt for krenkjande åtferd på skulen.
Kva er krenkjande åtferd ?
Krenkjande åtferd er ei felles beskriving på alle former for uønska åtferd som med eller utan overlegg råkar andre fysisk eller psykisk. Krenkjande åtferd kan vere ei enkel eller gjenteken handling utan respekt for andre sin integritet.
Eksempel på krenkjande åtferd:
- mobbing
- vald
- rasisme
- diskriminering
- utestengjing
Kva er mobbing ?
1.Med mobbing meiner vi negativ eller ondsinna åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Gjenteke erting på ein ubehageleg og sårande måte er og mobbing. Åtferda må finne stad 2 – 3 gonger i månaden eller oftare. (Definisjon frå Utdanningsdirektoratet).
Kva er vald ?
Når nokon brukar fysisk makt for å skade andre.
Kva er rasisme ?
Rasisme omfattar diskriminering på grunnlag av rase, hudfarge eller etnisk opphav.
Kva er diskriminering ?
Diskriminering inneber at ein person blir dårlegare behandla eller trakassert, for eksempel på grunn av kjønn, funksjonsnivå, trusretning, hudfarge, nasjonal eller etnisk opphav. Diskriminering kan vere enten direkte eller indirekte.
Kva er utestenging ?
Utestenging vil seia at ein elev så godt som alltid blir halden utanfor ei gruppe eller ei klasse.
1. Førebyggjande tiltak
§ 9a-4. Systematisk arbeid for å fremje helse, miljø og tryggleik til elevane( internkontroll) Skulen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet.
1. Alle klasser skal leggje vekt på sosiale aktivitetar, spesielt i byrjinga av skuleåret. Gjeld alle trinn. På fyrste skuledag skal ordensreglementet gjennomgåast og sendast heim.
2. Alle klasser skal jamnleg ha oppe tema om utvikling av klasse -og elevmiljøet.
3. Følgjande grunnreglar skal det arbeidast med i alle klasser:
· Vi skal respektere kvarandre
· Vi skal hjelpe og støtte kvarandre
· Alle har krav på eit trygt og godt skulemiljø
· Vi skal seie ifrå til ein vaksen om nokon vert plaga eller har det vondt. Det er ikkje å sladre.
4. Elevsamtaler skal gjennomførast etter behov.
5. Kontaktmøter skal gjennomførast minst 1 gong kvart halvår.
6. Foreldremøter skal gjennomførast 1-2 gonger kvart år. Møta skal omhandle trivsel.
7. Det skal arbeidast med relasjonar og sosialt miljø gjennom temaarbeid, samlingsstunder
og turar.
8. Fadderordning. Småskule – mellomtrinn.
9. Fysak. Alle klassene på mellomtrinnet i lag.
10. Bruke spørjeskjema om trivsel og tryggleik etter behov, t.d. annakvart år.
2. Avdekking av krenkjande åtferd
Opplæringslova §9a-3 andre ledd, seier følgjande:
”Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.”
2.0 Prosedyre ved mistanke om krenkjande åtferd. Reaksjonar skal skje raskt.
· Bekymring frå tilsette, elevar og andre skal skrivast og leverast kontaktlærar. Kontaktlærarar følgjer saka spesielt opp i friminutt/timar og med samtale.
· Kontaktlærar skal melde frå til rektor jfr opplæringslov § 9a -3 andre ledd. Det er berre alvorlege hendingar som skal meldast, det er opp til kontaktlærar å definere graden av krenkinga.
· Ta kontakt med føresette for å høyre om dei har lagt merke til noko særskild.
· Ansvar: Kontaktlærar har ansvaret for at prosedyra vert følgd. Problema vert forsøkt løyst på lågaste nivå.
2.1 Undersøking av omfanget av krenkjande åtferd
· Enkel kartleggjing før kontaktmøter.
· Spørsmål knytta til krenkjande åtferd ved elevsamtaler.
· Gjere kjent for elevane til kven og kvifor seie frå om krenkjande åtferd.
· Elevundersøkelsen kvart år, på 7. trinn.
· Både kontaktlærar og rektor ansvarlege for gjennomføringa av elev/trivselsundersøkinga.
2.2 Vakt og tilsynsordningar
· Gul vest til alle vakter.
· Gjeld i alle friminutt
· Spesiell merksemd på enkeltområder. OBS på heile uteområdet og utkantane av skuleområdet
· Vaktene skal vere oppsøkjande og involverande.
· Snakk med elevar som er åleine.
· Friminutt er tema på personalmøter
· Følg spesielt med elevar som har åtferd som bekymrar personalet.
Påpeik ukorrekt språkbruk.
2.3 Kommunikasjon lærar – elev – føresette
· Krenkjande åtferd skal tas opp i møter mellom skule, elev og heim
· Krenkjande åtferd skal tas opp i elevsamtala
· Elevar skal oppfordrast til å seie frå til ein vaksen viss det er mistanke om at nokon vert utsett for krenkjande åtferd.
· Føresette skal vete at skulen tek alle saker på alvor.
· Føresette skal informerast årleg om trivsel, tryggleik og tiltak.
· Det er kontaktlæraren si oppgåve å følgje opp eleven og heimen.
2.4 Tilsett krenkjer elev eller annan vaksen
· Ved mistanke om krenking frå tilsette skal skuleleiinga informerast snarast.
· Skuleleiinga skal følgje same prosedyre som ved elevsaker.
3. Problemløysing
Mål: Krenkjande åtferd skal stoppast på måter som i neste omgang førebyggjer krenkjande åtferd ved skulen.
3.1 Undersøking for å sikre faktainformasjon
· Skaffe seg best mogleg kunnskap og informasjon
· Skriftleg dokumentasjon. Bruk elevmappa i arkivet.
3.2 Samtale med aktuell elev
· Lærar klargjer at han/ho veit kva som skjer og skulen si haldning .
· Gje eleven støtte.
· Gje elevane rom for å fortelje.
· Informere om kva som kjem til å skje.
· Avtale nytt møte med eleven.
Overordna prinsipp i samtalene er full støtte til plaga elev og krav til mobbar, utan å forhandle. Ansvar: Kontaktlærar.
3.3 Fyrste samtale med den som krenkjer
· Alle samtaler er individuelle
· Hente elev/elevane ut av klassa. Dersom det er fleire, skal dei hentast etter tur.
· Læraren klargjer at skulen veit kva som går føre seg og at det ikkje kan aksepterast.
· Læraren spør om eleven vil seie noko. Lærarar lyttar, men går ikkje inn i diskusjon
med eleven.
· Læraren informerer om at føresette og skulen si leiing er informert.
· Læraren kjem med ein invitasjon til eleven om korleis ein skal få slutt på krenkjande åtferd.
· Eleven skal forplikte seg til å slutte med krenkjande åtferd. Bruk av skriftleg avtale.
· Læraren informerer kva som skjer vidare.
3.4 Oppfølgingssamtaler
· Kontaktlærarar skal ha oppfølgingssamtaler med båe partar.
3.5 Samtaler med føresette til den som har vorte krenka
· Informasjon om kva som har skjedd pr.telefon.
· Informer om kva skulen skal gjere.
· Føresette får tilbod om eit møte for å snakke gjennom saka
Ansvar: Kontaktlærar og rektor.
3.6 Samtaler med føresette til den/dei som har krenka
· Informasjon om kva som har skjedd pr.telefon.
· Informer om kva skulen skal gjere.
· Føresette får tilbod om eit møte for å snakke gjennom saka
Ansvar: Kontaktlærar og rektor.
3.7 Samtale mellom den/dei som har plaga og den som har vorte utsett for krenkjande åtferd
· Samle partane til eit oppklarande møte
· Fokus på åtferd, ikkje på forklaringar
· Fokus på forpliktingar og avtaler
· Viktig at alle får ein fair sjanse til å gjere opp for seg
Ansvar: Kontaktlærar og rektor
3.8 Informasjon til andre tilsette ved skulen
· Lærarar og assistentar som har dei aktuelle klassene .
· Gjeld det krenkjande åtferd i friminutt skal alle ha informasjon.
Sanksjonar
· Aktuelle sanksjonar skal vere nedfelt i skulen sitt ordensreglement.
Vedtak.
Opplæringslova §9a-3 tredje ledd, seier følgjande:
”Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.”
· Dersom ein kjenner seg utsett for krenkjande åtferd utan at skulen grip inn og stoppar krenkinga, kan ein vende seg skriftleg eller munnleg til skulen /skuleeigar. Informasjonen bør peike på kva ein kjenner seg krenka av. Skulen, ved rektor, må gjera enkeltvedtak når skulen får ei slik melding. Dersom ein ikkje er nøgd med vedtaket, kan ein klage på vedtaket.
Dokumentasjon
· Saker med krenkjande åtferd skal dokumenterast etter regelverket.
Revisjon og informasjon
- Planen skal reviderast i FAU og elevrådet kvart år
- Dei tilsette ved skulen skal informerast om planen ved skulestart kvart år
- Elevane skal informerast om planen ved skulestart kvart år
- Skuleleiinga har ansvaret for at planen vert revidert, og at alle tilsette vert informert om planen.
Sel skule skal ha nulltoleranse for krenkjande åtferd!