Iselin Jonassen og Dag Erik Pryhn

Kommunereformen

Still spørsmål på direkten

Torsdag 12. mai, kl 19.00 - 21.00, stiller ordførarane i Sel og Vågå til nettmøte hjå Norddalen. Tema er kommunereformen og ei eventuell ny kommune. Alt nå er det mogleg å sende inn spørsmål.  

I samarbeid med avisa Norddalen blir eit gjenomført eit ope nettmøte der alle som sit med spørsmål rundt ei evt samanslåing av Vågå og Sel kommunar, kan få svar.

Sjølv om det har vore arrangert fleire opne møte om kommunereforma, er det nok framleis mange som brenn inne med spørsmåla sine. Desse og alle andre som har spørsmål til ordførarane, kan få svar på dette når ordførarane opnar for nettmøte hjå Norddalen.

Send inn spørsmål i dag

Alt frå fredag 6. mai var det mogleg å sende inn spørsmål til ordførarane. Desse vil da bli liggjande i innboksen og bli svart på når nettmøtet åpnar.

Det er også mogleg å stille spørsmåla direkte under nettmøtet.

Framgangsmåten er enkel. Nederst i artikkelen i Norddalen finn du eit spørsmålskjema. Skriv inn spørsmålet, namn og e-postadresse. Her vil alle spørsmål og svar bli synlege for alle som klikkar seg inn på artikkelen. Artikkelen vil liggje ope for alle, ikkje berre abonnentar.

Vi håper at mange vil følgje nettmøtet aktivt og at ordførarane har mange spørsmål som ligg og ventar på dei når nettmøtet nærmar seg.

Tips en venn Skriv ut
Publisert 10. mai 2016 av Eva Martinsen | Oppdatert 11. mai 2016