Logo Stiftinga G-Kultur

Stiftinga G-Kultur. Søknadsfrist for 2017

Stiftinga G-Kultur har avsett særskilde midlar til «Årets satsing 2017».Tema for satsinga er lokalhistoriske tidsskrift og publikasjonar, og G-Kultur vil prioritere stønader i form av arbeidsstipend til utarbeiding av lokalhistoriske artiklar.

Søknadsfrist er 1. februar 2017.

Kva er Stiftinga G-Kultur ?

Stiftinga G-Kultur forvaltar midlane etter Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt i 2013, og har som formål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd. Det blir teke ekstra omsyn til prosjekt og tiltak som har barn og unge som utøvarar og/eller målgruppe.

Nærare vilkår, krav til søknad og søknadsskjema finn du her

 

Tips en venn Skriv ut
Publisert 04. oktober 2016 av Eva Martinsen | Oppdatert 04. oktober 2016