Sel skule oversiktsbilde
A A A
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult

Skulemjølk

Skulemjølk

Vi held fram med å gi elevane tilbod om å tinge mjølk til skulemåltidet. Mjølka er av typa lettmjølk.

Kartongane inneheld 1/4 liter mjølk. Pris på mjølk er kr. 4,08 pr.. kartong. Mjølka er subsidiert av staten.

Elevane tingar normalt for både haust og vår, frå veke 36 (5/9) til og med veke 21 (20/5), dvs. 15 veker før og 19 veker etter jul. Nokre av veksene, 51,1,15,18 og 20 er halve. De betaler og for desse. Blir det kluss i leveransen frå Tine, kjøper skulen inn og organiserer mjølkeutdelinga.

Prisar:

Mjølk før jul:        kr. 4,08 for 75 dagar:    kr. 306,-

Mjølk etter jul:    kr. 4,08 for 90 dagar:    kr. 368,-                Totalt kr. 676,-

Rekning blir sendt frå Sel kommune.

10 gode grunnar til å drikke mjølk

Bestillingsslipp vart sendt med elevane ved skulestart i august. Dersom det er nokon som ønskjer å melde seg på, er det enda mogleg dersom de tar kontakt med skulen. Prisen blir da avrekna frå starttidspunktet.

 

 

 

  • Tips en venn
  • Skriv ut