A A A
Forsiden/Tema/Skole og utdanning/Skoler i Sel/Sel skule/SFO
SFO

Skolefritidsordningen ved Sel skule

Vel møtt til alle som skal bruke SFO i år!

 

Skolefritidsordningen

Kva er SFO?

Ifølgje Kunnskapsdepartementet skal alle kommunar ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn og for barn med særskilte behov for 1.-7. årstrinn. Kommunane si plikt til å organisere SFO er avgrensa til skuleåret.

SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og innhaldet skal vere noko anna enn tilbodet ungar får i barnehage og skule. SFO skal vere ein trygg opphaldsplass for barn som har behov for opphald ut over opningstida.

 

Innhald i tilbodet:

Opphaldet på SFO hos oss er styrt etter desse retningslinjene:

  • Ungene sin alder og behov skal vere utgangspunkt for utforminga av tilbodet.
  • Interessene til ungane skal takast vare på.
  • Ungane skal få kjennskap til og ta del i kulturelle aktivitetar.
  • Samvær med barna og gode vilkår for leik og utfoldelse under trygge forhold.
  • Omsorg og gode relasjonar.
  • Vektleggje det uformelle samværet med andre barn og vaksne.

 

Oversikt over skuledagen på Sel skule

Opningstider

Grunna manglande påmelding, vert det ikkje SFO på onsdag morgon i år. (Må vere minst 5 elevar)

Vekedag Klokkeslett
Måndag 07.30 - 08.00
  14.00 - 16.15
Tysdag 07.30 - 08.00
  13.00 - 16.15
Onsdag 11.00 - 16.15
Torsdag 07.30 - 08.00
  14.00 - 16.15
Fredag 07.30 - 08.00
  13.00 - 16.15

 

Lærarane tek utgangspunkt i lista over påmelde barn til SFO ved skuleslutt. Skal barnet på andre ordninger den dagen, de gje beskjed om dette i barna sine meldingsbøker.

Det er viktig at alle respekterer opningstidene. Oppstår det uventa situasjonar, må personalet få beskjed.

 

Plass og søknad

Det er mogleg å få plass på SFO om det er ledige plasser gjennom året. Ta kontakt med skulen! Bruk gjerne søknadsskjema som dykk finn her. Dei som ikkje har plass, men som ynskjer å kjøpe dagplass/ekstra opphald, kan ta kontakt om dette. Ope sommar-SFO forutset minst 5 påmeldte elevar. Om skulen ikkje får nok påmelde, kan tilbodet bli gjeve på ein annan skule i kommunen om det er plass der. 

 

Telefon til SFO

Kontakt og personale

Telefon: 41 52 72 88 (i tillegg til 617 00 881)

SFO har eigen mobiltelefon berre dei nyttar. Har de meldingar og beskjeder av ulike slag, er det berre å sende ein SMS i løpet av dagen. Dette kan t.d. gjelde tidspunkt når elevane skal bli henta, når dei skal gå osv.

Skuleåret 2017-2018 har vi to faste tilsette i SFO:

Ebenezer Gapson, e-post: ebenezer.gapson@sel.kommune.no

Ingvill Borgen, e-post: ingvill.borgen@sel.kommune.no

Rektor er øvste ansvarleg for SFO ved skulen.

 

Lokale

Om morgonen nyttar vi klasserom i fyrste etasje. i kvitbygget. På ettermiddagen er vi og i 2. etasje, på skulekjøkenet sine lokale, eller i gymsalen.

 

Betalingssatsar

F.o.m. 01.01.2017:

Opphald t.o.m. 15 timar pr. veke:

kr. 1370,-

Opphald f.o.m. 16 timar pr. veke:

kr. 2320,-

Søskenmoderasjon 30% for andre born,50% for tredje osb.

Ekstraopphald:

Pr. dag kr. 380,-

Ingen søskenmoderasjon

 

Pr. time kr. 101,-

Ingen søskenmoderasjon

 

Lover og retningslinjer

Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Sel

Opplæringsloven § 13-7

 

Vi håper på godt samarbeid slik at ungane får ei trivelig tid på SFO!

Tips en venn Skriv ut