Sel skule oversiktsbilde
Skole og utdanning / Skoler i Sel / Sel skule / SFO /  Skolefritidsordningen ved Sel skule
A A A
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult

Skolefritidsordningen ved Sel skule

Vel møtt til alle som skal bruke SFO i år!Skolefritidsordningen

Kva er SFO?:

Ifølgje Kunnskapsdepartementet skal alle kommunar ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn og for barn med særskilte behov for 1.-7. årstrinn. Kommunane si plikt til å organisere SFO er avgrensa til skuleåret.

SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, og innhaldet skal vere noko anna enn tilbodet ungar får i barnehage og skule. SFO skal vere ein trygg opphaldsplass før barn som har behov for opphald ut over opningstida.

Innhald i tilbodet:

Opphaldet på SFO hos oss er styrt etter desse retningslinjene:

  • Ungene sin alder og behov skal vere utgangspunkt for utforminga av tilbodet.
  • Interessene til ungane skal takast vare på.
  • Ungane skal få kjennskap til og ta del i kulturelle aktivitetar.
  • Samvær med barna og gode vilkår for leik og utfoldelse under trygge forhold.
  • Omsorg og gode relasjonar.
  • Vektleggje det uformelle samværet med andre barn og vaksne.

Opningstider:

Grunna manglande påmelding, vert det ikkje SFO på onsdagar i år.Åpningstider SFO (Må vere minst 5 elevar)

Vekedag Klokkeslett
Måndag: 07.30 - 08.00
  14.00 - 16.15
Tysdag: 07.30 - 08.00
  13.00 - 16.15
Torsdag: 07.30 - 08.00
  14.00 - 16.15
Fredag: 07.30 - 08.00
  13.00 - 16.15

SFO følgjer skuleruta og er såleis stengt i skulen sine feriar. Skal skulen kunne gje eit tilbod ut over dette, krevs det min. 5 ekstra påmelde ungar. Lærarane tek utgangspunkt i lista over påmelde barn til SFO ved skuleslutt. Skal barnet på andre ordninger den dagen, de gje beskjed om dette i barna sine meldingsbøker.

Dei som ikkje har plass, men som ynskjer å kjøpe dagplass/ekstra opphald, kan ta kontakt om dette.

TELEFONNR:  41 53 72 88, mobil SFO. Får de ikkje svar her, prøv Aud sin mobil 97 53 14 14 eller Heidi sin 95 82 66 12.Telefon til SFO

SFO har eigen mobiltelefon berre dei nyttar. Har de meldingar og beskjeder av ulike slag, er det berre å sende ein SMS i løpet av dagen. Dette kan t.d. gjelde tidspunkt når elevane skal bli henta, når dei skal gå osv.

Lokale:

Vi har eit klasserom vi tek i bruk som lokale, Ulvhild-rommet, i gangen i 1. etasje i kvitbygget. Det er same lokale som i fjor.

Betalingssatsar:
F.o.m. 01.01.2013:

Opphald t.o.m. 14 timar pr. veke:

kr. 1050,-

Opphald f.o.m. 15 timar pr. veke:

kr. 1800,-

Søskenmoderasjon 50%

Ekstraopphald:

Pr. dag kr. 290,-

Ingen søskenmoderasjon

 

Pr. time kr. 90,-

Ingen søskenmoderasjon

 

Pr. uke kr. 780,-

Ingen søskenmoderasjon

Personale:

Skuleåret 2012-2013 har vi 3 tilsette i delstillingar:

Aud Nyhus, Heidi Sanden og Jan Atle Stasviken.

Dei arbeider slik:

Aud måndag og torsdag, både morgen og ettermiddag.

Heidi tysdag morgen/ettermiddag og fredag morgen.

Jan Atle fredag ettermiddag.


Rektor er øvste ansvarleg for SFO ved skulen.

Lover og retningslinjer:

Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Sel

Opplæringsloven § 13-7
 

Vi håper på godt samarbeid slik at ungane får ei trivelig tid på SFO!

| Mer++