A A A
Sel teaterlag får Sel kommunes kulturpris for 2012

Sel kommunes Kulturpris 2012

Kulturprisen for 2012 blir tildelt Sel Teaterlag.

Grunngjeving:
Sel teaterlag har gjennom år vore ein motor for teatermiljøet i Sel og Norddalen.Teaterlaget har hatt modige avgjerder, som å sette opp Kristinspelet på Jørungard. Kristinspelet er eit arrangement som gjev lokalmiljøet nasjonal og internasjonak merksemd.

Dei har vist eit stort engasjement og lagt ned ein stor frivillig innsats.

Sel Teaterlag viser stor breidde i sine oppsettingar, frå julebordrevy til Tolvskillingsoperane og gjev gjennom dette eit godt kulturtilbud til mange innbyggarar i Sel og Nord-Gudbrandsdalen.

I fjord arrangerte Sel Teaterlag for fyrste gong regionale teaterdagar på Otta, eit arrangement  med ulike kurs og profesjonelle kurshaldarar, sminke, regi, skrive, skodespel og scenekamp. Dette er talentutvikling både innan teaterlaget og utover eigne rekker.

 

Foto: www.selteaterlag.no

Tips en venn Skriv ut