A A A

Kommunereformen

Retting i intensjonsavtala mellom Sel og Vågå

Punkt 16 i intensjonsavtala mellom Sel og Vågå om danning av ein ny kommune omhandlar utmarksrettar, mellom anna i statsalmenningane i dei to kommunane.

I avsnittet som omhandlar jakt på elg, hjort, rådyr og rovvilt blir det sagt at «det er dei til ein kvar tid gjeldande kommunegrenser som definerer innanbygds og utanbygds».
 
Dette er feil. Det er kommunegrensene per 28. oktober 2015 som definerer innanbygds/utanbygds. Dette er heimla i Forskrift om jakt, felling, fangst og fiske, sist endra 1. april 2016.

Dette tyder at ved danning av ein ny kommune vil det ikkje bli noko endring i korleis ein definerer innanbygds/utanbygds med omsyn til rett til jakt på elg, hjort, rådyr og rovvilt.

Kontaktpersonar:
Ordførar Dag Erik Pryhn
Ordførar Iselin Jonassen

Tips en venn Skriv ut