A A A
Palma Sanden får kulturprisen for 2013

Palma Sanden får kulturprisen for 2013

Palma får kulturprisen bl.a. på grunn av sin langvarige innsats i Sanitetsforeninga, arbeid med å rydde stigar og innsats for å bevare den årlige tradisjonen med arrangement ved Kongesteinen på Høvringen. Sel kommune gratulerer Palma med prisen.

 

Driftsutvalget i Sel har tildelt kulturprisen for 2013 til Palma Sanden, 2670 Otta.

Grunngjeving for vedtaket er følgjande:

«Bl.a. på grunn av sin langvarige innsats i Sanitetsforeninga, arbeid med å rydde stigar og innsats for å bevare den årlege tradisjonen med arrangement ved
Kongesteinen på Høvringen m.m.»

Palma Sanden er ei som ikkje stikk seg fram, men som gjennom over 20 år har deltatt aktivt i frivillig arbeid.

- Ho er av dei som til kvar tid stiller opp og legg til rette. Ho seier aldri nei, er positiv, triveleg og arbeidssam, og såleis umistelig for Ottadalen Sanitetsforening.

- Gjennom 20 år har ho hatt ansvar og deltatt på minnemarkering ved Kongesteinen på Høvringen med guiding og informasjon. Såleis har ho vore ein viktig formidlar av delar av krigshistoria i Sel. På Kong Håkon den 7. sin fødselsdag 03.08. gikk gjestane som budde på Høvringen under krigen dit og heldt samling og gudsteneste. Steinen har fått ei fin minneplate, og er eit turmål på Høvringen.

- Palma er glad i fjellet, og med hytte på Høvringen har ho i alle vore aktiv i arbeidet med rydding av stigar på Høvringen, og er såleis ein god representant for alle dei som legg til rette for fysisk aktivitet. Ho har vidare guida turar på Høvringen for Turmenyen (Sel kommune ).

Kulturprisen blir delt ut under eit arrangement våren 2014.

Tips en venn Skriv ut