A A A
Audun Myskja

Musikk som medisin i eldreomsorgen

Musikk kan gjøre underverker for pasienter på sykehjem. Dette sier overlege Audun Myskja som holdt foredrag i Otta kulturhus tirsdag denne uken for helsepersonell og andre interesserte.

Myskja kan dokumentere at ein god melodi og taktfaste rytmar er terapi som gjev god helsegevinst.

Kan forskninga til overlege Audun Myskja gi oss ein enda betre eldreomsorg i Nord- og Midtdalen ?

Møte med Audun Myskja i Otta Kulturhus på tysdag var ei sterk oppleving for mange tilsette innan eldreomsorg . Forskninga som overlegen syner til er ein sterk dokumentasjon på at mange eldre og ikkje minst mange demente kan få ein betre kvardag med bruk av musikk, sang og rytmer. Fleire prosjekt som Audun Myskja har arbeidd med har synt at tiltaka med bruk at musikk og sang som er sett i verk både i heimesjukepleie og på sjukeheimar, har verka positivt. ”Den gode meldinga er at musikk, sang og bruk at rytmer verkar- den dårlege er at det må gjerast ofte og regelmessig over lengre tid”, er bodskapen til Myskja.
 

Oppsiktsvekkande

Videoopptaksom Myskja viste fram var oppsiktsvekkande for mange. Slagpasientar som hadde mista språk- og taleevna kan lære seg å syngje. Gjennom bruk av sang og rytmer tilrettelagt for den enkelte kunne tale og språk komme tilbake. Mange eldre demente blir og frustrerte og agressive fordi dei ikkje blir forstått og ikkje klarer og uttrykkje seg. Gjennom bruk av musikk, sang og bevegelse blir dei rolegare.
 

Audun Myskja reiser både i inn og utland og fortel om forskninga si og kunne fortelja at han nå hadde levert inn ei doktorgradavhandling. Denne dokumenterer at musikk prosjekta med eldre som han har arbeiddd gjennom fleire år har hatt stor effekt og gitt eldre eit betre liv. I tillegg har det gitt mange tilsette eit fagleg lyft og ny inspirasjon i arbeidet med eldre. I den siste boka ”Finn din indre styrke” har han ei menge øvingar som er enkle å ta i bruk for alle. Ein treng heller ikkje vera ”operasongar” eller musikkterapeut for å gjera dette. Start med den stemma du har og bruk øvingane regelmessig så vil du sjå resultat.
 

Heilheitsterapi

Myskja har eigen utdanning for heilheitsterapeutar i Ski og underviser legestudentar og held kurs for legar både i inn-og utland, i tillegg har han sin eigen legepraksis. ”På vei mot en integrert medsin” er ei av bøkene til Audun Myskja. Her gir han ei innføring i komplementær og alternativ behandling. Draumen hans er at almennmedisin og alternativmedsin kan samarbeide til det beste for pasienten. Vi opplever i dag ein eksplosiv vekst av alternativ behandling i Norge og andre vestlege land. Derfor er det i dag eit stort behov for at helsepersonell og utøvarar av tradisjonell skolemedisin skaffer seg betre kunnskap om komplementær og alternativ behandling.
 

Overlegen er ein travel kar og frå Otta sprang han ut i bilen for å nå flyet frå Gardermoen til Lofoten. Han skulle undervise fysioterapeutar i bruk av musikk og bevegelse. Arrangør var Venneforeningane i Sel. Oddrun Ekre er tilfreds med at så mange som 120 personar møttte opp på kurset, men i og med at helsepersonell frå 8 kommunar var invitert på kurset kunne dei ønskt seg dobbelt så mange.
 

"Vi meiner det må vera eit stort behov for å følgje opp kurset og ikkje minst få med leiinga i kommunane og ved institusjonane til å setja i gang eit målretta arbeid med musikk, rytmer og sang. Dokumentasjonen til Myskja er svært sterk og eintydig på at tiltaka verkar." seier Oddrun Ekre for venneforeningane i Sel.

 

Tips en venn Skriv ut