Høyring
Lokal forskrift om ordensreglement for skulane i Sel og Sel vaksenopplæring
Bakgrunnen for høyringa er at skoleleiarane hausten 2011 sette ned ei gruppe som skulle utarbeide ei lokal forskrift om ordensreglement for skulane i Sel og Sel vaksenopplæring, jf. opplæringslova § 2-9:
§ 2-9. Ordensreglement og liknande
Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktane til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som kan kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike sakar skal behandlast.
Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.
Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.
Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.
Her kan du lese heile høyringsdokumentet:
Utkast_til_lokal_forskrift_om_ordensreglement_for_skulane_i_Sel.pdf
Frist for å sende inn merknadar til høyringsnotatet: fredag 9. mars 2012.
Ein ber om at merknadane blir sendt elektronisk til:
postmottak@sel.kommune.no
Med vennleg helsing
Bente Krogsæter
pedagogisk rådgjevar
Høyringsinstansar
Elevrådet ved Heidal skule
Elevrådet ved Otta skole
Elevrådet ved Otta ungdomsskole
Elevrådet ved Sel skule
FAU ved Heidal skule
FAU ved Otta skole
FAU ved Otta ungdomsskole
FAU ved Sel skule
SU ved Heidal skule
SU ved Otta skole
SU ved Otta ungdomsskole
SU ved Sel skule
Kommunalt foreldreutval (KFU)
Lærarar og leiing ved Heidal skule
Lærarar og leiing ved Otta skole
Lærarar og leiing ved Otta ungdomsskole
Lærarar og leiing ved Sel skule
Lærarar og leiing ved Sel vaksenopplæring
Tillitsvalde ved Heidal skule
Tillitsvalde ved Otta skole
Tillitsvalde ved Otta ungdomsskole
Tillitsvalde ved Sel skule
Tillitsvalde ved Sel vaksenopplæring
Rådsorgan ved Sel vaksenopplæring
Kommunalsjef Kari Hølmo Holen
Kommunestyrerepresentantane i Sel kommune
Utdanningsforbundet i Sel
Kunngjøringer
Hva skjer i Sel
-
Torsdag 24.05
Kulturmøte på Rapham -
Mandag 28.05
Kino: Tor med Hammeren -
Mandag 28.05
Kino: Men in Black 3 (3D) -
Fredag 8.06
Spranget 2 -
Lørdag 9.06
Spranget 2 -
Lørdag 16.06
Sing-along
Telefon: 61 70 07 00 | Fax: 61 70 07 01 | Epost: postmottak@sel.kommune.no




