A A A
Arne Grindstuen

Kulturprisen til Arne Grindstuen

Sel kommunes kulturpris for 2009 ble tildelt Arne Grindstuen under kulturkvelden på Sel samfunnshus fredag kveld.
Her er begrunnelsen for at Arne Grindstuen fikk kulturprisen:


Arne Grindstuen har i ei årrekkje vore ildsjel i Sel på mange ulike arenaer. Han har i løpet av ca. 30 år vore med i uttallige styre, oftast som formann, men og som styremedlem og kasserar. I tillegg er han ein dugnadskar og arrangør som blir sett stor pris på. Han har vore aktiv innafor idrett, korps, spel og dansarlag. Sel samfunnshus og musikkutvalget i Sel menighet, i tillegg til mange andre aktivitetar.


Han har vore trenar for aldersbestemte lag på Sel i fleire år. I tillegg var han dommar og linjedommar på dei øvste nivåa i norsk fotball. På denne måten representerte han Sel nasjonalt.
Som korpsmann har Arne virka i mange år. Han var formann i Sel skolekorps og Sel musikkforening i hhv. 5 og 10 år. Han har vore aktiv korpsmedlem i alle år, og spelar fortsatt. Han er og ein av dei som har bidrege til at skulekorpset på Sel nå er i gang att.


Arne var med å starta Sel spelemannslag i 1999, og var formann dei fyrste 7 åra. Gjennom 10 år har han vore drivkrafta i spelmannslaget. Han har vore med å arrangere Selstreffen i fleire år, vore leiar for Gudbrandsdalskappleiken i 2 år, sat i hovudkomiteen for Landsfestivalen i gamaldansmusikk på Otta i 1997, og var leiar for det same arrangementet i 2003.


Han har gjordt eit stort arbeid når det gjeld å ta vare på og oppspore gamle noter av trasisjonsmusikken som finst i Sel. Han er nå leiar av det nystarta Sel og Otta Spelmannslag.
Arne er ein optimist og ein ja-person som ikkje ser problem i noko, og går på oppgavene med eit lognt og roleg vesen som det står stor respekt av.
Tips en venn Skriv ut