A A A

Kulturprisen for 2010 blir tildelt Odd og Per Bakke

Vedtak i Driftsutvalget i Sel kommune - 09.11.2010: Kulturprisen for 2010 blir tildelt Odd og Per Bakke.

Vedtak i Driftsutvalget - 09.11.2010: Kulturprisen for 2010 blir tildelt Odd og Per Bakke.

Grunngjeving:

Begge to har lagt ned eit stort og omfattande arbeid gjennom mange år for å få samla og skrive ned lokalhistorie frå Sel kommune.

Begge to har deltatt aktivt i arbeidet for Sel historielag, og vore gode bidragsytarar for fleire av Sel historielag sine bøker og andre skrift. Vidare er det lagt vekt på formidling også ved informasjon som er lagt ut på nettsida www.selhistorie.no.

Odd er også kjent som ”Otta-vandringens far”, da han på 90-talet hadde mange vandringar gjennom Otta sine gater, og dermed gjorde lokalhistoria kjent for fleire.

 

Sel kommune gratulerar Odd og Per Bakke med tildeling av kulturprisen for 2010.
Sjølve prisutdelinga vil foregå i løpet av våren 2011.

Tips en venn Skriv ut