A A A
Sagflaten. Foto: Kjell Voldheim

Klebersaga på Sagflaten

Styret i Sagflaten SA, arbeider for vern av blokksteinsfabrikken for kleberstein på "Åsen" mellom Sel  og Vågå. Her er informasjon frå styret om arbeidet.

Da Granit AS fløtte kleberomnsproduksjonen sin til ny fabrikk på Otta i 1982, vart blokksteinsfabrikken  på Sagflaten på Åsen mellom Sel og Vågå ståande til forfall med heile maskinparken inntakt.

Sidan fyst på 1990-talet har det fleire gonger vore prøvd å setje i gang vernetiltak på dette unike kulturminnet frå tidleg 1900-tals industrihistorie, -utan å lukkast. Det har vore ei rekkje synfaringar på anlegget og både Riksantikvar og Norsk bergverksmuseum meiner dette er eit kulturminne av nasjonal verdi.

Eldsjeler med støtte frå Norsk kulturarv, Fortidsminneforeningen, Norsk kulturminnefond, Gudbrandsdalsmusea og Sel og Vågå kommunar byrja på eit verneprosjekt i 2015. Det er skipa eit SA som har arbeidd ut ein plan for vern og reetablering av anlegget. Arbeidet er utfordrande og krev store investeringar. Norsk Kulturminnefond, Eidefoss AS og Sel og Vågå kommunar støttar prosjektet.

Eit anna ledd i finansieringa er andelsteikning. Det er laga andelsbrev og  privatpersonar kan kjøpe desse for 1000 kroner og 5000 kroner for bedrifter. Ved innbetaling til bankkonto 2085.26.83962 vil det bli tilsendt eit vakkert utforma andelsbrev som synleg prov på støtta til prosjektet. Styret for Sagflaten SA oppmodar bebuarane  i Sel og Vågå til å støtte opp om vernearbeidet.

Her kan du lese mer om Saganlegget for kleberstein

Tips en venn Skriv ut