Kommunereformen

Intensjonsavtala mellom Sel og Vågå er klar

Forhandlingsutvalet mellom Vågå kommune og Sel kommune har no ferdigstilt intensjonsavtala mellom kommunane om danning av ein ny kommune frå 1.1.2020. Avtala er sendt båe kommunestyra for behandling i møte måndag og tysdag i neste veke.

Ordførarane  inviterer no kommunestyra til å slutte seg til at avtala kan leggjast ut til veljarane i ei rådgjevande folkerøystinga 22. mai. Veljarane blir då bedne om å svare på følgjande spørsmål:

«Vil du at Sel og Vågå går saman om å danne ein ny kommune frå 1.1.2020?»

Veljarane får tre svaralternativ/stemmesetlar: Ja, Nei og Blank stemme.
Ulikt det vi ser frå ein del andre prosessar i kommune-Noreg har utvalet valt å vere relativt detaljerte i avklaringane. Ordførarane meiner dette er naudsynt for at veljarane lettare skal kunne ta stilling til avtala og korleis dei skal stille seg til danninga av ein ny kommune. – Det er ein opplagt føremon at sentrale spørsmål er svara ut for i avtala i staden for at dette blir skuvd fram til etter at Stortinget eventuelt har vedteke ei samanslåing, seier ordførar Iselin Jonassen.

Prinsippet om stor grad av nærleik til tenestene har vore ein botnplanke i forhandlingane. Ei
samanslåing skal i seg sjølv ikkje påverke strukturen på tenestene. Lokalisering av til dømes barnehage, skule, legekontor, sjukeheim og brannstasjonar blir ikkje påverka av ei samanslåing og blir vidareført i båe kommunane.

-Men det let seg ikkje gjere å få på plass alle avklaringar og å svare på alle spørsmål i ei intensjonsavtale, meiner ordførar Dag Erik Pryhn i Sel. Det er difor viktig å peike på at det er først når ein ny kommune er ein realitet frå 1. januar 2020 at ein skal realisere moglegheitene. Den nye kommunen og det nye kommunestyret må ha handlingsrom, og lokaldemokratiet må ha fridom til å bygge den nye kommunen.

I båe kommunestyra og ute blant veljarane i båe kommunane er det tatt til orde for at ei
samanslåing burde omfatte fleire kommunar enn Sel og Vågå. I dialogen mellom ordførarane i
Nord- og Midt-Gudbrandsdalen før og etter kommunevalet i fjor er det klargjort at for Sel
kommune og Vågå kommune er det ikkje politisk grunnlag for å sjå på andre alternativ no
enn at Sel og Vågå saman dannar ein ny kommune, eller fortset som i dag. Det er viktig for oss ordførarar at dette kjem klart fram, understrekar Jonassen.

Kommunestyra skal no avgjere om intensjonsavtala i naudsynt grad gjev dei svara som
krevst for at veljarane har grunnlag for å ta stilling til eit ja eller nei til ei samanslåing av Sel
kommune og Vågå kommune. Den politiske handsaminga i kommunestyresaka i neste veke gjeld
difor ikkje eit ja eller nei til ein ny kommune. Det er i kommunestyremøtet i juni 2016 at dei folkevalde skal ta stilling til om vi skal danne ein ny kommune. Det vil fyrst vere etter at båe kommunestyra har vedtatt å danne ein ny kommune at innhaldet i avtala er bindande.
Ordførarane rår til at kommunestyra ber veljarane om råd basert på den framforhandla
intensjonsavtala.


Vågå/Otta, 11. april 2016

Iselin Jonassen og Dag Erik Pryhn

Tips en venn Skriv ut
Publisert 11. april 2016 av Anders Teigen | Oppdatert 11. april 2016