A A A
Forsiden/Tema/Skole og utdanning/Skoler i Sel/Sel skule

Informasjon ved skulestart fra rektor

Sel, 29. august 2016.

Vi er godt i gang! Døgnrytmen frå sommarferien er snart borte og krafttaket med å få bokpapir på bøkene er snart over. Neste veke er det på tide med foreldremøte: Onsdag den 7. september kl 1800. Vi startar samla i andreetasje på gamlebygget. Ta med kopp om du vil ha kaffe eller te. Der blir det innleiing ved meg før vi skal jobbe litt saman i grupper på tvers. Tema for møte blir skulemiljø, lekser og info om skuleåret. Etterpå blir det stutte samlingar på undervisningsgruppene. Der skal de mellom anna velje klassekontaktar. Nokre har utfordringar med at dei har ungar i fleire grupper. Vi kan vera med å gje råd om kva gruppe som bør bli prioritert.

FAU har vore ei viktig positiv kraft ved skulen og vi ynskjer at dette skal fortsette. Send attendemelding på svarslippen nedanfor om kor mange som kjem på møtet. Eg veit det er andre aktivitetar på ettermiddagane så det må til litt planlegging for at flest mogleg skal kunne koma.

Torsdag legg vi ut på den faste haustturen vår. Felles opplevingar er viktig for skulemiljøet, uansett om vêret er vått eller godt. Turen i år går langs pilegrimsråket til Ringen i Rosten. Det er greitt om elevane tek med seg ei tursjokolade, og elles mat, drikke, gode sko og klede som det høver seg på ein dagstur. Det blir ikkje grilling på turen. Desse turane er og ei trening i meistring for elevane. La dei vera med å planlegge og pakke til turen. Etter kvart vil dei kunne gjera meir av dette sjølv medan de som føresette kan meir observere og rettleie.

Hugs fråværsreglane som var nye i fjor: Ring skulen på tlf 612 36 980 mellom kl 08.00 og kl 08.15 den fyrste fråværsdagen for å varsle sjukdomsfråvær. Det er da ikkje nødvendig å skrive i meldingsboka i etterkant av fråværet.

Ta kontakt med skulen raskt om det er noko de lurer på eller meiner vi bør veta.

Torgeir Sæteren, rektor.

 

Tips en venn Skriv ut