A A A
Forsiden/Tema/Skole og utdanning/Skoler i Sel/Sel skule

Informasjon ved nyttår fra rektor

Sel, 5. januar 2017.

Undersøkingane på skulen før jul, synte at elevane trivst og alle har vener på skulen. Alle elevane ynskjer arbeidsro, men mange synest at det kan vera ein del uro i timane. Elevane på mellomsteget har jobba vidare med funna i undersøkingane og gjeve oss eit betre bilete av kva vi må jobbe vidare med. Vi vil fokusere på overgangar mellom aktivitetar der mykje tid og fokus forsvinn frå læringsarbeidet. Dette gjeld uansett om det er overgangen frå friminutt til time eller mellom aktivitetar i timane.

I akebakken vil vi fredag i matfri opne for at dei som ynskjer det kan hoppe.

Foreldremøte blir som tidlegare meldt, den 25. januar med påfølgande kontaktmøter i februar. Tema for foreldremøtet er digital dømmekraft. Både føresette og elevar blir utsette for enorm påverknad gjennom digitale medier. Kva for reglar gjeld og kva bør vi som vaksne vite noko om? De vil og få informasjon om strukturarbeidet som skal vera ferdig før 1. mai. 

Torgeir Sæteren, rektor.

 

Tips en venn Skriv ut