Vågå og Sel i kommunesamarbeid

Pressemelding fra ordførerne

God framdrift i forhandlingane mellom Sel og Vågå

Forhandlingsutvalet for Sel og Vågå har 9. mars hatt sitt tredje møte. Ordførarane er godt nøgde med forhandlingane så langt og det faktum at ein no har kome eit godt stykkje vidare i utarbeidinga av ei intensjonsavtale om samanslåing.

-Vi var samde om at det er heilskapen som tel i svara på dei 21 punkta i intensjonsavtala, seier ordførarane. Vi legg til grunn at vi i intensjonsavtala må finne ei balanse mellom på den eine sida rasjonelle og funksjonelle løysingar som gjev eit best mogleg grunnlag for å bygge ein velfungerande, kostnadseffektiv og attraktiv kommune. Ein ny kommune må ha trygg økonomi, sikre innbyggarane minst like gode tenester som i dag, styrke utviklingsarbeidet og bli ein meir kraftfull støttespelar for næringslivet. På den andre sida skal vi balansere verdiar, identitet og ressursar mellom dei to, eksisterande kommunane og kommunesentrene. Berre på denne måten vil vi kunne få fleirtal for den nye kommunen i begge kommunestyra og i begge folkerøystingane.

-Vi skal bygge ei ny kommune. Vi har i dag kome eit godt stykke vidare i arbeidet med å konkretisere hovudpunkta, seier ordførar Dag Erik Pryhn.
Eg opplever ei god stemning rundt bordet. Avtala skal handsamast i kommunestyra i slutten av april før veljarane får seie sitt i ei rådgjevande folkerøysting søndag 22. mai.

Den nye kommunen vil i geografisk utstrekning vere tilnærma lik tidlegare Waage kommune frå før 1908. Det er einigheit i forhandlingsutvalet om at den nye kommunen får kommunenamnet Vågå kommune, Seier ordførar Iselin Jonassen. Symbolet i kommunevåpen vil være reinen i kommunevåpenet til Vågå. Rein har vore og er ein svært viktig ressurs og identitet for våre kommunar, seier ordførarane.

Kommunevåpenet til Sel, Pillarguri, vil bli det nye byvåpenet for Otta.

-Vi vel nynorsk som administrasjonsspråk for den nye kommunen. Otta skulekrins har bokmål som hovudmål, dette blir vidareført. Mållova skal føljast konsekvent, understrekar ordførar Iselin Jonassen.

Administrasjonssenter med rådmannsleiinga blir foreslått lagt til Otta. Men administrative funksjonar skal delast mellom kommunehusa i Vågåmo og på Otta. Vågåmo skal ha sterke fagmiljø, som eit forsterka landbrukskontoret, ei teknisk avdeling med breiddekompetanse utover den kvar av kommunane har i dag, samt løn og personal.  Vi er i dialog med NAV Oppland om lokaliseringa av NAV-kontoret. På Otta vil vi plassere strategisk og overordna kompetanse innan plan,  økonomistyring, næring, ikt og informasjon. På begge stader vil ein finne eit publikumsretta servicetorg.

Lokalisering av barnehage, skule, bibliotek, helsesenter, legekontor, aldersheim og brannstasjonar blir ikkje påverka av ei samanslåing og blir vidareført i båe kommunane.

Vi vil harmonisere eigedomsskatt i den nye kommunen, fristen for når dette skal vere på plass kjem vi attende til. Harmoniseringa skal vere nøytral i høve nivået på eigedomsskatten i 2016.

Utmarksrettane vil bli vidareført slik praksisen er no med dei kommunegrensene vi har i dag.

Vågå fjellstyre og Sel fjellstyre blir vidareført som sjølstendige fjellstyre.

Den blir lagt opp til ei politisk organisering med 31 politikarar i kommunestyret, 7 i formannskap og i 7 i kvar av to hovudutval.

Forhandlingsutvalet møtest på nytt i neste veke. I dette møtet vil vi ha særleg fokus på det utviklingspotensialet vi ser for den nye kommunen, avsluttar ordførarane.

Ordførar Iselin Jonassen, tlf. 916 43 500
Dag Erik Pryhn, tlf. 913 38 870

Tips en venn Skriv ut
Publisert 10. mars 2016 av Anders Teigen | Oppdatert 10. mars 2016