Flomsituasjonen - oppdatert informasjon

Situasjonsrapport tysdag 7.7.15 kl 21.00:

Måndag kveld voks Sjoa veldig fort, og vatn vart pressa inn under forbygging mot Sjoa. Det vart satt inn mannskap som held vakt gjennom natta. Dette er no under
kontroll.

Teknisk Drift la tysdag ettermiddag ut sandvoll mot Ottaelva ved gamle Handelsskulen. Vannstand i Lågen og Ottaelva, Ula og Sjoa gjekk ned tysdag
ettermiddag. Det er 15-20mm nedbør i vente i kveld og situasjonen i kommunen blir fulgt og vurdert kontinuerleg.

Elles er omlag 500 da jordbruksareal berørt, vesentleg sør for Otta, og ein del på Selsvollane.

Drikkevatnet er ikkje berørt av flom.

Har du opplysningar eller har behov for bistand, ta kontakt på følgjande måte:

Frå kl 08.00 -15.30: Sel kommune, sentralbord 617 00 700
Frå kl 15.30 - 08.00: Teknisk beredskapsvakt, 901 56 686 (ikkje sms)

Tips en venn Skriv ut
Publisert 07. juli 2015 av Eva Martinsen | Oppdatert 07. juli 2015