Kaggrud i Heidal. Fotograf Kjell Hølmo

Fjellandbruk er framtid

Matproduksjon på fornybare lokale ressursar i Sel og Vågå

Sel og Vågå kommunar v/ Landbrukskontoret for Sel og Vågå søkte i vinter om midlar frå «Fjellandbrukssatsinga 2014-2016» for å gjennomføre målsettinga i landbruksplanen, dvs. ei auke i matproduksjonen med 1 % i året. Dette er det same som den nasjonale målsettinga.


Prosjektet skal i utgangspunket gå i to år, men i.o.m. at fjellandbrukssatsinga går ut i 2016 må ein søkje midlar frå ein annan pott i 2017. Sluttrapport skal vere sendt innan 15. februar 2017.

Møte om beiterett og gjerdeproblematikk, 29. november

Om prosjektet:

Landbrukskontoret for Sel og Vågå fikk kr 360.000,- i støtte. Budsjettet er på kr 480.000,-.

Målsetting:

Ut frå det som er vedteke i gjeldande landbruksplan ønskjer ein å fokusere på følgjande hovudpunkt:

  • Auke i matproduksjonen i Sel og Vågå
  • Oppretthalde eller auke sysselsettinga i landbruksnæringa
  • Oppretthalde eller auke dyrkaarealet
  • Auke bruk av inn- og utmarksressursar til husdyrbeiting
  • Synleggjere og stimulere til nye næringar/ produkt/marknader.
  • Etablere gode nettverk
  • Nye næringar – nye produkt

Prosjektet består av fire hovudbolkar:

  1. Spørjeundersøking/kartlegging av gardsbruk
  2. Opne møte/landbrukskafe`
  3. Bygdemøte
  4. Fagturar

Det er oppnemnt ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe. Styringsgruppa har representasjon frå faglaga og frå politisk nivå i Sel og Vågå. Arbeidsgruppa har representasjon frå rettleiingstenesta og faglaga.

Styringsgruppe Arbeisgruppe
Hans Ulmo (leiar) Geir Olav Hagen
Ola Kvarberg Åse Marit F. Anderssen
Hans Petter Vaberg Jan Erik Mæhlum (leiar)
Terje Johnny Sveen Hans Ulmo (Bondelaget)
Live Langøygard Kjersti Gutsveen (Småbrukarlaget)
Thomas Stebergløkken  

Sekretariat for satsinga er landbrukskontoret for Sel og Vågå.

Spørjeundersøking

Spørjeundersøking/kartlegging vil bli gjennomført i løpet av hausten og blir lagt ved Info’n. Undersøkinga blir sendt til alle som søkjer produksjonstilskott, men vi ønskjer også svar frå andre som ønskjer å satse og/eller eig landbrukseigedom med ressursar i form av areal og bygningsmasse. Det er mogleg å vere anonym, men skal vi kunne følgje opp den einskilde, er vi avhengig av namn.

Det er mogleg å svare elektronisk eller du kan også laste ned pdf for utskrift.

Bygdemøte

I løpet av hausten vil vi gjennomføre fire bygdemøte i Sel og Vågå. Programmet er ikkje spikra, men følgjande hovudpunkt er aktuelle:

  • Introduksjon, litt om utviklingstrekk lokal i forhold til landbruk
  • Orientering om spørreundersøking
  • Syne fram gode døme/moglegheiter
  • Gode hjelparar
  • Fagtema
  • Diskusjon og meiningsutveksling

Kaffi og biteti

Målsettinga med møta er å få fokus på bygda, der produksjonen og muligheitene ligg!

Både fagmøte og fagturar vil bli gjennomført i løpet av hausten/vinteren. Nokre tema har vi klare, men spørjeundersøkinga, bygdemøte og innspel undervegs vil gje oss føringar på tema.

Landbruksinfo nr 3/2016 Fjellandbruk er framtid (pdf)

Tips en venn Skriv ut
Publisert 17. november 2016 av Eva Martinsen | Oppdatert 05. juli 2017