Digitaliseringspropsjekt i Nord-Gudbrandsdalen

Digitaliseringsprosjektet i Nord-Gudbrandsdalen

Kommunane møter høge forventingar til kommunale digitale tenester frå innbyggarane, tilsette og næringslivet. Det er og eit auka krav til effektivisering og krav om digitale tenester frå myndigheiter og andre samfunnsaktørar. For å møtte desse krava og forventingane har dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gått saman om eit digitaliseringsprosjekt for å lage ein Digitaliseringsstrategi.

Prosjektet skal utarbeide ein Digitaliseringsstrategi som skal dekke alle tenestene kommunane tilbyr. Strategien skal ta utgangspunkt i Kommunenes Sentralforbund sin strategi. For å sette strategien ut i live må kommunane bygge kunnskap og kompetanse, både blant tilsette og innbyggarane.

Målet er at kommunane i Nord-Gudbrandsdalen skal kunne tilby gode digitale løysingar som sikrar innbyggarane, tilsette og næringslivet sine behov i 2020.

Tips en venn Skriv ut
Publisert 24. mars 2017 av Anders Teigen