Sel skule oversiktsbilde
A A A
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult

Buss og busskort

Kvart skuleår er det "startvanskar" og usikkerheit med kort som ikkje fungerer, og 1. klassingar med buss-rett som ikkje har fått tilsendt refleksbrikke i løpet av sommaren.Skoleskyss

Vi repeterer:

Skyssrett har elevar i 1. klasse som bur meir enn 2 km frå skulen og elevar i 2.-7. klasse som bur meir enn 4 km frå skulen. Har noen elevar særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, kan det gjevast skyss etter individuell søknad til Sel kommune. På Sel vil dette i praksis seie dei som bur langs/må krysse E6 og dei som bur langs vegen over Vågårusten.

Skysskortet gjeld berre mellom heim og skule, 2 reiser pr. dag. Kortet kan ikkje brukast i helger eller ferier eller buss til andre stoppestadar enn den som er lagt inn. Skal elevane besøkje kvarandre eller bestemor på andre stoppestadar, må dei betale. Det oransje buss-kortet skal elevane bruke frå år til år, så det må takast vare på. Elevar utan skyssrett kan reise med bussen som ordinære passasjerar. Dei må da betale.

Unntak/særordning: gjeld berre 1. til 4. klassingar onsdag:

Elevar som skal nytte minibuss og ikkje har skyssrett, må bestille og betale kort frå Oppland Fylkeskommune ved Mona Hølen, etter 15/9. Tlf.nr. 61 28 92 61. Etter avtale med Morten Havn som har all køyring kl. 11.15 på onsdagar, og dei som til vanleg brukar Fjord 1.

 

Oppland fylkeskommune er ansvarleg for tilrettelegging og finansiering av skoleskyss i Oppland fylke.
På heimesida deira kan du finne informasjon og diverse søknadsskjema for skoleskyss

  • Tips en venn
  • Skriv ut