A A A
logo for 200 ledige hus

PRESSEMELDING «200 LEDIGE HUS»

Brev til eigare av ledige hus er utsendt

Prosjektet «200 ledige hus» har nå kartlagt ledige hus i Nord-Gudbrandsdalen og 6. mai sendte vi ut brev til eigarar av 392 ledige hus i Nord-Gudbrandsdalen.

«200 ledige hus» er eit prosjekt i regi av Regionrådet Nord-Gudbrandsdal for kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja. Prosjektet er eitt av fleire satsingsområde for kommunane i Nord-Gudbrandsdalen for å få  fleire innbyggarar, vekst og trivsel i bygdene våre. Målet i prosjektet «200 ledige hus» er å få fast busetting i fleire hus i Nord-Gudbrandsdalen.

Ved å lage ei oversikt over ledige hus og å legge til rette for ein sals-  eller utleigeprosess,  har liknande prosjekt gjennomført i andre regionar gitt gode resultat både for eigar og lokalsamfunn.  På bakgrunn av dette har vi nå sendt brev til eigarar av ledige hus utan fast busetting i Nord-Gudbrandsdalen. Kommunane har henta inn opplysningar om ledige hus frå Matrikkelen, Norges offisielle eigedomsregister.

Ledige hus er delt inn i tre kategoriar:
-    Småbruk (kan vere aktuelle for både sal og utleige)
-    Einebustadar utanfor bustadfelt  (kan vere aktuelle for både sal og utleige)
-    Hus på gardstun (kan vere aktuelle for utleige)

Vi har pr. 1. april 2014 kjennskap til 392 ledige hus i dei seks kommunane.
I løpet av 2014 vil vi ta kontakt pr. telefon for å høyre kva planar de har for eigedomen, om det kan vere aktuelt å selje eller leige ut, og om vi i prosjektet  «200 ledige hus» kan bidra med noko i denne prosessen.  

Her kan du lese brevet som vart sendt ut
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kontakt/informasjon:
Prosjektleder Stian Høglien, epost: stian.hoglien@regionkontoret.no tlf. 988 33 723
Regionsjef Nord-Gudbrandsdal, Ole Aasaaren, epost: ole.aasaaren@regionkontoret.no, tlf. 911 71 405

Tips en venn Skriv ut